Hopp til innhold

Boko Haram truar med å drepe fire franske born

I ein video med det som truleg er sju franskmenn, som vart bortførde i Kamerun sist veke, truar dei islamistiske kidnapparane med å drepe gislane.

Franske gislar i Nigeria.

Dette biletet er frå videoen som blei lagt ut tidlegare i dag.

Foto: BOKO HARAM / Afp

Gruppa på sju franskmenn består av tre vaksne og fire born frå same familie. I videoen seier ein mannleg gissel at dei vart tekne av den nigerianske islamistgruppa Boko Haram. Ein av kidnapparane seier i same videoen at dei vil drepe gislane, om ikkje fengsla islamistar i Nigeria og Kamerun blir sette fri.

LES OGSÅ: – Sju franskmenn bortført i Kamerun

Fengsla kvinner

Han seier det er snakk om fengsla medlemer av gruppa i Kamerun og konene deira, som er fengsla i Nigeria.

Guvernøren i regionen i Kamerun der bortføringa skjedde, Augustine Fonka Awa, seier til nyheitsbyrået Reuters at han ikkje kjenner til at medlemer av Boko Haram er fengsla i Kamerun.

Ei kjelde som står nær familien stadfestar overfor det franske nyheitsbyrået AFP at det er dei som er med på videoen. Gruppa består av eit ektepar, broren til mannen og fire born. Dei fire borna er 12, ti, åtte og fem år gamle.

Dei franske gislane som vart tekne i Kamerun.

Dei kidnappa franskmennene er eit ektepar, broren til mannen og fire born.

Foto: BOKO HARAM / Afp

Skjuler ansikta

Videoinnslaget er på over tre minutt. Det er umogleg å finne ut kvar gislane blir haldne ut frå videoen. Dei tre gisseltakarane som er med på videoen skjuler ansikta sine bak skjerf. Dei seier at dei høyrer til Boko Haram.

Dette er truleg første gong Boko Haram, som i fleire år har terrorisert kristne i det nordlege Nigeria, har teke gislar i Kamerun. Franskmennene vart tekne i eit område ikkje langt frå grensa til Nigeria

Det kom før helga meldingar om at dei sju franskmennene var sette fri, men dette vart seinare dementert. Det gjekk også rykte om at borna var tekne bort frå foreldra .

På ferie i Kamerun

Dei vaksne i familien jobbar i oljeindustrien i Kamerun, der dei har budd sidan 2011. Dei var på ferie i den nordlege delen av landet då dei vart bortførde sist tysdag.

I videoen seier ein av kidnapparane at dei har bortført franskmennene som hemn for den franske militære intervensjonen i Mali.

– Lat den franske presidenten få vite at han har erklært krig mot islam, og at vi kjempar mot han over alt. Lat han få vite at vi er over alt for å berge brørne våre, seier han blant anna.

Fransk etterretning

Frankrikes statsminister Jean-Marc Ayrault stadfestar i kveld at det er Boko Haram som held dei franske gislane, og at dei truleg blir haldne ein stad i det nordlege Nigeria.

Ayrault seier at videoen no blir grundig gått gjennom av fransk etterretning, og at han er i løpande kontakt både med kamerunske og nigerianske styresmakter.

LES OGSÅ: – Boko Haram kuttet over strupen til 15 kristne i Nigeria

LES OGSÅ: Skytemassakre i nigeriansk kirke

LES OGSÅ: Aksjoner mot Boko Haram i Nigeria

LES OGSÅ: Boko Haram vil ta konene til nigerianske leiarar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt