NRK Meny
Normal

Boko Haram vil ta konene til nigerianske leiarar

Mannen som truleg er leiar for den ekstreme islamistiske gruppa Boko Haram i Nigeria, truar konene til politiske og militære leiarar i landet.

Slik framstår Abubakar Shekau i videoen.

Abubakar Shekau truar med å angripe konene til militære og politiske leiarar i Nigeria.

Foto: - / Afp

Bakgrunnen for trusselen er at minst ti kvinner, som er gifte med Boko Haram-medlemer skal vere arresterte i det nordlege Nigeria dei siste dagane.

Abubakar Shekau, angitt leder av Boko Haram

Abubakar Shekau er kjend som ekstrem og kompromisslaus.

Foto: - / Afp

Abubakar Shekau kjem med truslane i ein video, som er lagt ut på nettstaden You Tube. Han sa at dei arresterte kvinnene har blitt valdtekne og mishandla i fengselet, og at dette skal bli hemna.

– De skal vente og sjå kva som vil skje med dykkar eigne koner, truar Shekau i videoen.

Den tause terroristen i Nigeria , er eitt av tilnamna til Abubakar Shekau.

Blodige angrep

Boko Haram, som direkte omsett betyr «vestleg utdanning er synd», opererer i det nordlege Nigeria, der muslimane er i fleirtal. Dei er kjende for sine blodige angrep på kyrkjer under gudstenester, og gruppa har som uttrykt mål å jage elle kristne frå det nordlege Nigeria.

Boko Haram arbeider også for å innføre strenge Sharia-lover over heile landet.

Det er om lag like mange kristne som muslimar blant dei 152 millionar innbyggjarane i Nigeria, og medan muslimane er i fleirtal i nord er dei kristne i fleirtal i den sørlege delen av landet.

I videoen nektar Abubakar Shekau for at mannen som har vore talsmann for Boko Haram, som er kjend under namnet Abu Qaga, er drepen av nigerianske regjeringsstyrkar.

LES OGSÅ: Minst 19 drept i kirkeangrep

LES OGSÅ: Tusenvis på flukt etter angrep på landsbyer i Nigeria

Dette skal vere medlemer av islamistgruppa Boko Haram i Nigeria.

Ei gruppe Boko Haram-krigarar slik dei vart presenterte i ein tidlegare video frå gruppa.

Foto: HO / Afp

– Leiarar drepne

Soldatar frå regjeringshæren har sagt at Qaga vart drepen like utanfor byen Kano, og at dei også har teke livet ein annan av dei operasjonelle leiarane i Boko Haram.

Det var truleg for å få fram ein bodskap om at dette ikkje var sant, at Shekau har spelt inn den nye videoen. Videoen fell også saman i tid med feiringa av den nigerianske frigjeringsdagen måndag.

Nigerianske styresmakter opplyser at Boko Haram har teke livet av meir enn 650 menneske hittil i år.

President Goodluck Jonathan sa i ein tale i samband med frigjeringsdagen måndag at Nigeria hadde greidd å unngå å bli kasta inn i ei sekterisk krise. I talen rosa han politiet og dei militære for at dei blir stadig meir effektive.

LES OGSÅ: – Mohammed ville sikkert giftet seg med dem

LES OGSÅ: 15 drepne i terrorangrep mot kyrkje

Daglege angrep

Likevel er det ikkje til å kome frå at politi og soldatar så å seie dagleg blir utsette for angrep frå Boko Haram.

Måndag vart ein militærpatrulje ut sett for eit bombeangrep i byen Maiduguri, byen som blir rekna for å vere det åndelege hovudkvarteret til Boko Haram. Minst ein soldat vart drepen og fleire andre vart såra, melder nyheitsbyrået Ap.

Ei mobilmast vart øydelagt i eit bombeangrep i same byen. Tidlegare har Boko Haram teke på seg ansvaret for sprenginga av over 30 mobilmaster i det nordlege Nigeria, noko som har skapt eit kommunikasjonsmessig kaos i området.

LES OGSÅ: 56 drepne i angrep i Nigeria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt