Hopp til innhold

Tørke trugar Etiopia nok ein gong

Myndigheitene i Etiopia ber om internasjonal assistanse for å hjelpe dei 8,2 millionane i landet som er i fare for å svelte etter at uregelmessig nedbør har øydelagt årets avlingar.

Kvinne fra Gabra

Tørke får dramatiske konsekvensar for Etiopia der rundt 80 prosent arbeider innanfor landbruk.

Foto: Tesfaye / UNICEF Ethiopia

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Så gale som dette har det berre vore i 2002 og 1984 som eg kan hugse, seier Abdulla Ayube Uso, ein 65 år gammal bonde, til Bloomberg.

Nedbørsmengda i Etiopia varierer veldig frå år til år og gjer landet svært sårbart for tørke. Og ettersom rundt 80 prosent av innbyggarane i landet jobbar i landbruket, får dette store følger for økonomien, skriv New York Times. Etter ein tørkeperiode i 2002 sank brutto nasjonalprodukt med 2,2 prosent.

Regimet får kritikk for å tone ned alvoret

Sidan den gong har landet gjort store økonomiske framskritt, men det autoritære regimet får no fått kritikk for å tone ned alvoret.

Sjølv meiner dei at dei er vel førebudde, med sin Komité for førebygging og førebuing mot kriser. Dei rapporterer at dei så langt har samla inn 196 millionar dollar for mat og anna hjelp, men treng ytterlegare 596 millionar for resten av året, sa Mitiku Kassa i komiteen.

– Eg synest at vi har takla krisa på ein god måte. Den er endå ikkje ute av kontroll, sa Kassa under ein pressekonferanse i Addis Abeba førre veke.

Både tørke og flaum med El Niño

I år er det verfenomenet El Niño som står bak tørken, og den kan ironisk nok også føre til flaum i nokre område, ifølge Famine Early Warnings System Network, drive av USAID.

Ifølge statleg statistikk har meir enn 300.000 barn behov for spesielt næringsrik mat og meir enn 48.000 under 5 år lid av alvorleg feilernæring.

Situasjonen er svært alvorleg, seier John Aylieff frå Verdas matvareprogram i Etiopia til nyhendebyrået Ap.

Sidan 2005 har regjeringa gitt innbyggarar mat i byte mot arbeid, som byggearbeid eller vatning. Men no har programmet pause og startar ikkje opp att før i januar.

Krisa er også forsterka av situasjonen i nabolandet Sør-Sudan. Grunna valden som har råda det unge landet sidan 2013 har mange flykta til Etiopia.

– Vi ser at tala på feilernærte er høgare i områda som har teke imot sørsudanske flyktningar. No prøvar vi å finne måtar å redusere desse konsekvensane på, seier Aylieff.

SISTE NYTT

Siste nytt