Hopp til innhold

Klimaendringar trugar Panama-kanalen

Mindre regn og meir varme skapar trøbbel for sjøfarten. Det gjer at du må venta lenger på ting du kjøper – og truleg betala meir.

Et lasteskip som venter på å passere gjennom Panama-kanalen

Stadig færre skip får passera gjennom Panama-kanalen. Dermed vert det òg lengre ventetid.

Foto: Martin Bernetti / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Panama-kanalen slit.

Tørke gjer at det er lite vatn i kanalen, noko som gjer at færre skip kan passera.

I dag går rundt 5 prosent av verdas sjøtransport gjennom kanalen, ifølgje Det internasjonale pengefondet (IMF).

Det kan vera i ferd med å endra seg. Vanlegvis får 38 store fartøy passera kvar dag.

No er talet nesten halvert.

Tysdag kom det likevel ei gladmelding om at styresmaktene aukar talet til 27, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Styresmaktene i det mellomamerikanske landet har tidlegare anslått at kanalen kan tapa opp til 7,3 milliardar norske kroner berre i år, skriv avisa El País.

Og ikkje berre det: Framtida til kanalen som me kjenner han, kan vera i fare.

Det syrgjer klimaendringane for.

Tregare og dyrare

Heilt sidan kanalen opna i 1914, har han vore svært viktig for handelen i verda.

Den gjer det nemleg mogleg å segla frå Stillehavet til Atlanterhavet – utan å ta den lange turen rundt den sørlege tuppen av kontinentet.

Panama-kanalen under utgraving i 1914

Utgravinga av Panama-kanalen tok fleire år. Etter forseinkingar opna han i 1914.

Foto: NTB

Dermed har transportselskapa kunne spara tid på seilastene. Og tid er – som kjent – pengar.

Suez-kanalen i Egypt har òg spara selskap for mykje pengar ved å korta ned sjøvegen mellom Asia og Europa. Vanlegvis går rundt 15 prosent av verdas sjøtransport gjennom kanalen, ifølgje IMF.

Men òg Suez-kanalen har sine utfordringar no. Houthi-militsen i Jemen har nemleg angripe fleire skip i Raudehavet dei siste månadane.

Les også Derfor angrip houthiane skip i Raudehavet

Menn tråkker på påmalte flagg på bakken. Israelske og amerikanske flagg.

Ifølgje Wall Street Journal har mengda last som vert frakta gjennom Panama-kanalen eller Suez-kanalen gått ned over ein tredjedel.

Hundretals skip vel i staden den lange vegen rundt. Det betyr høgare prislapp og lengre ventetid for selskap – og forbrukarar, som deg og meg.

Manglar vatn

Men ulikt Suez-kanalen treng Panama-kanalen tilførsel av enorme mengder vatn for å fungera.

Vatnet må vera djupt for at dei enorme lasteskipa kan passera.

Det meste av vatnet kjem frå kunstige innsjøar. Vanlegvis har ikkje mengda vatn vore noko problem, ettersom Panama er eitt av verdas våtaste land.

Men i fjor regna det omtrent 30 prosent mindre enn gjennomsnittet, ifølgje New York Times.

Innsjøen Alhajuela i Panama rammet av tørke i april 2023

Det var ikkje mykje vatn å spora i innsjøen Alhajuela i april 2023.

Foto: Luis Acosta / AFP

Aller verst var det i oktober. Det var den tørraste månaden som nokosinne er registrert i området.

Då regna det 41 prosent mindre enn normalt, skriv BBC.

Det førte òg til mindre vatn i innsjøen. Frå slutten av 2022 har djupna gått ned frå omtrent 27 til 24,8 meter, ifølgje El País.

Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det er utfordrande nok til at styresmaktene allereie har senka grensa for kor mange skip som får passera kvar dag.

Dei vonar at tørka vil gje seg ved utløpet av mai, men berre tida vil vise om det skjer.

Kvifor er det tørke?

Dei siste ti åra har Panama opplevd stadig fleire periodar med kraftig tørke.

– Det er kritisk, seier Anne Sophie Daloz.

Ho forskar på mellom anna nedbør hjå Cicero, senter for klimaforsking.

– I denne regionen ser me både følgjene av klimaendringane og følgjene av naturlege variasjonar, som El Niño.

Vêrfenomenet El Niño oppstår naturleg med nokre års mellomrom. Då vert overflatevatnet i delar av Stillehavet unormalt varmt. Det kan mellom anna påverka nedbør i område, deriblant i Mellom-Amerika.

Men klimaendringane har òg ført til ein auke i tørke i Mellom-Amerika, viser den siste rapporten frå det internasjonale klimapanelet (IPCC).

Meir tørke i framtida

Meir tørke vert det dessutan framover, seier forskaren.

– I Mellom-Amerika, som i mange andre delar av verda, er det ein auke i ekstreme hendingar, inkludert tørke. Dette kan skje igjen, forklarar Daloz.

Anne Sophie Daloz, forsker II ved Cicero, senter for klimaforskning

Anne Sophie Daloz ved Cicero beskriv situasjonen for Panama-kanalen som kritisk.

Foto: Cicero

Ho meiner styresmaktene og næringsliv må gå hardt til verks for å finna løysingar for framtida.

– Tilgang på vatn vil verte eit problem i denne regionen. Det trengst gode tilpassingsstrategiar som funkar for både samfunnet og naturen, ikkje berre shippingindustrien, seier forskaren

Kor mykje vatn er det eigentleg snakk om?

Kvart einaste skip som passerer kanalen, treng rundt 196 millionar liter for å gjere det.

Det er tilsvarande forbruket til ein halv million panamanere, ifølgje New York Times.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.