Hopp til innhold

Tok i mot koronafaste cruiseturistar med opne armar

Hundrevis av passasjerar fekk endeleg forlate cruiseskipet Westerdam.

rxzIXpFIQtk

SNART PÅ FAST GRUNN: Passasjerane på Westerdam fekk endeleg kome i land etter fleire veker i karantene om bord i cruiseskipet.

Foto: Heng Sinith / AP

Kambodsja gjekk med på å ta imot skipet Westerdam etter at Thailand, Japan, Taiwan og Filippinane nekta skipet å gå innom på grunn av frykt for virussmitte om bord.

Passasjerar og mannskap om bord har vore i ufrivillig karantene til sjøs i to veker.

Westerdam vart nekta å leggje til kai sjølv om selskapet Holland America Line sa at det ikkje var nokon tilfelle av covid-19-virus om bord blant dei 1.455 passasjerane og mannskapet på 802.

Passasjerane jubla då dei gjekk i land og fekk blomster av statsministeren Hun Sen. 414 av dei flyr til hovudstaden Phnom Penh fredag og vidare til sine endelege reisemål.

S31O8RPVXr4

GJESTMILD: Kambodsja sin statsminister Hun Sen, gjev ein bukett med blomster til ein passasjer frå cruiseskipet Westerdam.

Foto: Heng Sinith / AP

Om lag 20 passasjerar om bord i cruiseskipet skal ha meldt om magesmerter eller feber, men ingen skal ha fått påvist det nye koronaviruset covid-19.

Det nye koronaviruset har kosta over 1.400 menneske livet i Kina og nær 60.000 er smitta. På et cruiseskip som ligg for anker utanfor kysten av Japan, er det registrert 218 smittetilfelle.

Skipet Westerdam begynte seglturen i Singapore førre månad, og det siste anløpet var i Hongkong, der 51 tilfelle av koronaviruset og eitt dødsfall er stadfesta.

Vil du ha nyheitssbrev frå Urix? Klikk her

SISTE NYTT

Siste nytt