Hopp til innhold

Koronaviruset kan vrake den globale bilindustrien

Det er krisestemning i bilindustrien som følgje av at bilfabrikkar har måtte stoppe produksjonen på grunn av manglande leveransar frå Kina. No hastar det å få hjula i gang.

Citroen sin bilfabrikk i Wuhan

STENGT: Citroën sin bilfabrikk i Kina skal etter planen opne 15. februar. Bildet er tatt i 2014.

Foto: DARLEY SHEN / Reuters

Ifølgje New York Times, CNN og The Guardian har ein betydeleg andel kinesiske fabrikkar vore stengt denne veka som følgje av det nye koronaviruset (Covid-19).

Det har laga krisestemning i den globale bilindustrien.

– Om dette held fram kjem stadig meir av bilindustrien til å stoppe opp, og det er ein av dei største industrigreinene i den vestlege verda og vil derfor rokke ved verdsøkonomien, seier direktør i Norsk industri, Knut Sunde.

Fryktar «kraftig global påverknad»

Utanfor Kina har situasjonen skapt delmangel i fleire internasjonale bedrifter som kontinuerleg er avhengig av nye delar, spesielt ille har det vore for bilindustrien.

– Det vert laga kritiske komponentar i dei områda som no er ramma av koronaviruset som er svært viktige for bilindustrien i verda, seier Knut Sunde.

Manglande leveransar av bildelane frå Kina har på kort tid ført til at fleire bilfabrikkar i Europa og Asia allereie har stoppa produksjonen av nye bilar. Fleire selskap planlegg det same.

Knut Sunde, direktør i Norsk Industri

BEKYMRA: Knut Sunde i Norsk industri

Foto: Tone Buene / Norsk Industri/Presse

Kristin Dziczek, visepresident ved den amerikanske tenkjetanken Center for Automotive Research, uttalte til CNN på tysdag at det er krisemøte hos fleire store bilprodusentar verda over.

– Eg forventar å sjå ein kraftig global påverknad innan utgangen av februar om den kinesiske produksjon ikkje kjem tilbake denne veka, seier ho.

Grunna rask teknologisk utvikling har mange av bilfabrikkar lite delar på lager. Manglande leveransar frå kinesiske bilfabrikkar vil i verste fall gje ringvirkningar i heile bransjen og sende industrien inn i ei krise, fortel Knut Sunde.

Og bilindustrien er ikkje dei einaste som kjem til å slite. Internt i Kina er det fleire som ser mørkt på framtida som følgje av koronaviruset.

A chinese eployee works at a factory in Nantong.

I GANG IGJEN: Ein av dei kinesisk arbeidarane som var tilbake på jobb på måndag.

Foto: STR / AFP

Kina er avhengig av økonomisk vekst

– Det er veldig viktig for Kina å halde folk i arbeid og halde hjula gåande, seier samfunnsøkonom Halvor Mehlum ved UIO.

Den kinesiske økonomien er bygd rundt konstant økonomisk vekst. Stengde fabrikkar fører til arbeidsløyse, og det fører igjen til politisk uro, forklarar Mehlum

Mange små og mellomstore selskap i Kina ser no mørkt på framtida.

Ei ny spørjeundersøking utført av professorar ved prestisjeuniversiteta Tsinghua og Peking viser kor dårleg forberedt fleire mellomstore kinesiske selskapa er på å handtere koronaviruset.

995 vart spurde og svara var ikkje særleg positive:

  • 85 prosent av selskapa svarte at dei ikkje ville klare å halde det gåande i meir enn tre månadar om situasjonen i Kina held fram som i dag.
  • 30 prosent forventa at inntektene deira ville bli halvert i 2020 som følgje av koronaviruset.
Sikkerhetspersonell i finansdistriktet i Beijing.

BYGD RUNDT VEKST: Ifølgje økonomiprofessor Halvor Mehlum er den kinesiske økonomien bygd rundt vekst. Biletet er tatt 6. februar i Finansdistriktet i Beijing.

Foto: JASON LEE / Reuters

Rask virusrespons kan hindre langsiktig svekka økonomisk vekst

Måndag gjekk Zeng Gang, som er forskar i eit statleg kinesisk økonomiinstitutt, ut med prognosar om at landet kom til å tape mellom 0,2 og 1 prosentpoeng av sin årlege vekst som følgje av viruset.

Det vil i verste fall bety rundt ein femdel av den årlege økonomiske veksten til landet.

Gang understreka at kinesiske myndigheiter kan unngå langsiktig skade på landet sin økonomiske vekst ved å reagerte raskt og effektivt på utfordringar knytte til viruset.

– Men på kort sikt, kan ikkje epidemien si påverking på økonomien bli ignorert. Spesielt for tenestenæringar og små bedrifter som har fått mindre inntekter som følgje av viruset, sa Zeng.

Ein stengt Applebutikk i Beijing.

STENGT: Ein stengt applebutikk i Beijing

Foto: GREG BAKER / AFP

– Det skjer ingenting der nede no

Fleire norske bedrifter i Kina er framleis hemma av viruset.

Onsdag melder DN at det norske lakseselskapet Mowi stengjer sitt prosesseringsanlegg i Shanghai.

– Det skjer ingenting der nede no. Kina er lukka for laks. Vi har permittert våre tilsette, seier konsernsjef Ivan Vindheim til finansavisa.

Hydro har nyleg opna tre av sine fabrikkar som vart stengde på grunn av virusutbrotet, men ikkje utan motgang, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anders Vindegg i Hydro.

– Det har vore ein litt vanskeleg oppstart sidan mange av våre tilsette framleis er i karantene i andre delar av landet, det er og utfordringar knytte til logistikk som følgje av viruset.

SISTE NYTT

Siste nytt