Hopp til innhold

To år med krig: Dette trur ekspertar skjer med Ukraina no

Ekspertar skisserer tre scenario når krigen no går inn i sitt tredje år.

Kvinner og barn ventar på ein buss i Ukraina

Over 6,5 millionar ukrainar har flykta ut av landet sidan krigen starta i 2022. Her frå Donetsk fylke 24. februar.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Natt til 24. februar 2022 rykka russiske styrkar over grensa.

Allereie i 2014 tok Russland den ukrainske Krim-halvøya. No skulle resten av Ukraina innlemmast i eit rike som ynsker å bli stadig større.

Etter to år med krig er dødstala høge, men det er knytt usikkerheit til kor mange som faktisk er drepne og såra.

6,5 millionar ukrainarar har flykta frå det største landet i Europa. 3,7 millionar er på flukt i sitt eige land.

Men kampviljen består, og soldatane held stand. Slaget om Ukraina er ikkje tapt.

– I byrjinga nådde ikkje Putin dei store måla. Men dei var ikkje langt vekke frå å få tak i Zelenskyj i Kyiv. Då hadde historia sett veldig annleis ut no, seier Karen-Anna Eggen ved Forsvarets høgskole.

Les også Timene som endret Europa

Toma Istomina tok bildet av seg selv og kollegene i Kyiv Independent, sjefsredaktør Olga Rudenko og redaktør Oleksiy Sorokin to timer før krigen brøt ut.

Ber om hjelp

Tidleg blei det klart at Volodymyr Zelenskyj ikkje ville gje frå seg landet utan kamp. Den tidlegare komikaren hadde vore president i Ukraina i knappe tre år.

Landet han leia var betre rusta enn det Putin trudde.

Nato-toppmøte i Vilnius

President Volodymyr Zelenskyj blei kasta inn på verdsscena. Etter krigen har han brukt mykje tid på å mobilisere støtte frå verdssamfunnet. Her under Nato-toppmøtet i Vilnius i juli 2023. Frå venstre USA sin president Joe Biden, Italia sin statsminister Giorgia Meloni, president Zelenskyj og Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Krigen har kosta Russland dyrt. Både når det kjem til menneskeliv og den svære økonomiske kostnaden. Men Putin ser for seg ein siger på andre sida av denne krigen. Og han har nok fornya håp i 2024, seier Eggen.

Under heile krigen har Ukraina bede om hjelp frå naboar og vest, og stormakta USA.

I februar vedtok EU ei ytterlegare hjelpepakke. Denne på over 500 milliardar kroner til Ukraina i langtidsbistand. Men Zelenskyj vil ha meir, både pengar, våpen og ammunisjon.

Les også Ekspert: – Krigen i Ukraina blir avgjort i våpenfabrikkene

Putin

– Det er europeiske planar om å auke produksjonskapasiteten. Så det vil nok kome meir ammunisjon til Ukraina i løpet av året. Men dei treng militærhjelp i mellomtida, seier Tor Bukkvoll, sjefforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt.

Ulike scenario

I USA har Representantenes hus enno ikkje handsama hjelpepakka som Senatet har vedtatt.

– Det er ganske avgjerande for framgangen, seier Bukkvoll.

Han peikar på at det mest trulege er at krigen blir sjåande lik ut.

– Høgt tempo, og det kan stundom vere ukrainske tap av område. Men ikkje store endringar ved fronten.

Eit anna utfall er at Russland får stor framgang på slagmarka, og fronten der krigen blir kjempa.

President Zelenskyj har sjølv sagt at Russland utnyttar forseinkingar i den vestlege militærstøtta.

– Situasjonen er ekstremt vanskeleg på delar av frontlinja. Russiske soldatar der har konsentrert maksimale reservar, sa han i ein videotale denne veka.

– Det er mindre truleg, men ikkje umogleg. Om ikkje Ukraina får meir artilleriammunisjon er det ei reell moglegheit. Dei vil ikkje kunne ta heile landet i 2024, men vesentleg større område om Ukraina manglar våpen, seier Bukkvoll.

Ukraina har òg lidd tap av soldatar.

– Dei må nok for alvor byrje å tenke på ytterlegare mobilisering internt i Ukraina for å få fleire til fronten. Dei har gått på defensiven no, og vil truleg vere der ei stund framover, seier Eggen.

– Minst truleg

Vladimir Putin har ikkje ville seinka ambisjonane om å vinne heile Ukraina. I ein tale til nasjonen i februar 2023 sa han at landet er blitt eit «gissel for vestlege interesser».

Eggen ved Forsvarets høgskole meiner det er ein sjølvsikker president som no leiar Russland inn i år tre med fullskala-krig.

– Akkurat no ser det ikkje ut som Putin er særleg uroa over å oppretthalde den intensive krigføringa.

Bukkvoll presenterer òg eit tredje scenario, som han meiner er lite truleg men som ikkje kan utelukkast.

– Det er politisk endring på russisk side. Men det er lite som tyder på det.

SISTE NYTT

Siste nytt