NRK Meny
Normal

Timosjenko ber EU droppe krav til Ukraina om at ho skal setjast fri

Den fengsla ukrainske opposisjonsleiaren Julia Timosjenko ber EU om droppe kravet om at ho skal setjast fri, i tilfelle det kan bane vegen for ein avtale med Ukraina.

Demonstrasjon i Kiev i Ukraina.

Demonstrantar i Kiev med eit 500 meter langt banner med krav til president Janukovitsj om å skrive under avtalen med EU og å setje Julia Timosjenko fri.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Det var Julia Timosjenkos dotter Evgeniya som gjorde innehaldet av brevet kjent i dag. Timosjenko meiner at det er så viktig for Ukraina å få til ein avtale med EU, og at situasjonen for landet er viktigare enn korleis det går med henne.

Julia Timosjenko

Julia Timosjenko ber EU droppe kravet om at ho må setjast fri før dei kan skrive under ein avtale med Ukraina.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

– Dersom presset frå masseprotestane i Ukraina skulle få president Janukovitsj til likevel å skrive under avtalen med EU, så ber eg dykk om å droppe alle krav, inkludert at eg skal setjast fri, heiter det i brevet frå Timosjenko, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Itar-Tass.

LES OGSÅ: Janukovitsj ber om ro – Timosjenko sveltestreikar

Toppmøte i Vilnius

Det var venta at Janukovitsj skulle skrive under avtalen med EU under eit toppmøte i Vilnius i Litauen 28.–29. november. Sist torsdag gjorde han det klart at det ikkje blir nokon avtale med EU, og at Ukraina i staden ville fornye ein avtale med Russland.

Observatørar reknar med at det er sterkt press frå Russland som har fått Janukovitsj til å skifte meining.

Russlands president Vladimir Putin har seinare sagt at den skisserte avtalen mellom Ukraina og EU ville ha fått svært negative økonomiske konsekvensar for Russland.

Alexander Kwasniewski, tidlegare president i Polen og no leiar for Europakommisjonen sitt Ukraina-kontor, seier at dersom det ikkje blir semje om ein avtale på toppmøtet i Vilnius denne veka, så blir saka utsett på ubestemt tid.

LES OGSÅ: Titusener av ukrainere tar til gatene i protest mot veltet EU-avtale

LES OGSÅ: Ukraina sier nei til samarbeidsavtale med EU

Demonstrasjonar i Kiev

Demonstrantar med 500 meter langt kravbrev.

Demonstrantar skriv på det 500 meter lange brevet med krav til president Viktor Janukovitsj i sentrum av Kiev.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Samstundes held demonstrasjonane mot Janukovitsj og regjeringa fram i den ukrainske hovudstaden Kiev. I kveld var rundt 5000 menneske samla på Sjølvstendeplassen i sentrum av byen, trass i det kalde vêret. Dei krev at Julia Timosjenko skal setjast fri frå fengsel.

Demonstrantane krev også at presidenten skriv under avtalen med EU, men Janukovitsj seier at avtalen som ligg på bordet er altfor dårleg. Han kjem likevel til å delta på toppmøtet i Vilnius, som startar torsdag.

Det er venta ein skarp meiningsutveksling mellom Janukovitsj og EU-leiarane på møtet.

Oransjerevolusjonen

Julia Timosjenko var heltinna frå den fredelege Oransjerevolusjonen i Ukraina i 2004 og 2005. Ho tapte presidentvalet mot Janukovitsj, men det viste seg at han hadde vunne ved hjelp av juks. Seinare vart han tvungen til å gå av etter massedemonstrasjonar over store delar av landet.

Timosjenko tapte presidentvalet mot Janukovtisj med knapp margin i 2010, men så vart ho dømd til fengsel for økonomisk rot året etter. EU har heile tida sett på rettsprosessen mot henne som eit politisk hemntokt.

Viktor Janukovitsj

Viktor Janukovitsj kallar Julia Timosjenko for kriminell.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Den politiske analytikaren Viktor Zamyatin ved Razumkov-senteret seier dette om maktkampen i Ukraina. til nyheitsbyrået Reuters.

– Stor politisk fare

– Før eller sidan vil Timosjenko blir sett fri frå fengselet. Men Janukovitsj veit at ho utgjer ein stor politisk fare for han. Derfor gjer han alt han kan for å hale ut dette som lenge som mogleg.

I løpet av dagen har Viktor Janukovitsj trappa opp kritikken av EU og Timosjenko. Han sa blant anna at EU måtte slutte å blande seg inn i indre ukrainske forhold, og han tok opp att at Timosjenko er i fengsel fordi ho er ein kriminell.

– Ho er ein del av ein kriminell ring, og det er opp til ukrainske dommarar kva som skal skje med henne, sa han blant anna.

LES OGSÅ: Ukrainas farvel til Russland

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt