Hopp til innhold

Janukovitsj ber om ro – Timosjenko sveltestreikar

Ukrainas president Viktor Janukovitsj lovar eit styre med «europeisk standard» i landet, medan den fengsla opposisjonspolitikaren Julia Timosjenko har starta ein ny sveltestreik.

Gatekampar i Kiev.

Harde samanstøytar mellom opprørspoliti og demonstrantar i Kiev i kveld.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

På ny er Ukraina kasta ut i ei politisk krise. Torsdag overraska Janukovitsj med å skrinleggje ein samarbeidsavtale med EU, og det har fått fleire tusen menneske til å ta til gatene i hovudstaden Kiev og protestere.

Viktor Janukovitsj

Viktor Janukovitsj prøvde å roe ned demonstrantane i Kiev i kveld, utan særleg hell.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Demonstrantane fryktar at landet no vil leggje seg endå nærmare Russland, og samstundes vende seg bort frå EU.

– Europeisk standard

I ein tale i dag prøvde Janukovitsj å roe ned demonstrantane.

– I dag vil eg understreke at det ikkje er noko alternativ til å skape eit samfunn av «europeisk standard» i Ukraina. Politikken min på denne vegen har alltid vore konsekvent, og slik blir det også i framtida, sa Janukovitsj blant anna.

Det såg ikkje ut til å ha ein roande effekt på Europa-tilhengjarane i Kiev. Berre få minutt etter talen braut det ut nye samanstøytar mellom demonstrantar og opprørspoliti på Europa-plassen i sentrum av byen. Europa-plassen ligg like ved regjeringsbygningen, og demonstrantane har sett opp ein liten teltby på staden.

Ei gruppe demonstrantar prøvde å ta seg inn i regjeringsbygningen, men dei vart raskt slått tilbake av politiet.

Opprørspolitiet brukte køller og tåregass mot dei mest aggressive demonstrantane, medan andre demonstrantar høyrde på talarar som tok sterk avstand frå regjeringa sin politikk. Talarane kravde nærare samarbeid med EU-landa.

LES OGSÅ: Ukraina sier nei til samarbeidsavtale med EU

LES OGSÅ: Titusener av ukrainere tar til gatene i protest mot veltet EU-avtale

Timosjenko sveltestreikar

Julia Timosjenko

Julia Timosjenko har starta ein ny sveltestreik i fengselet.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

. Samanstøytane tok slutt etter ei stund, og opprørspolitiet trekte seg bort frå staden.

Samstundes gjekk den fengsla opposisjonspolitikaren Julia Timosjenko, via advokaten sin, ut og gjorde det klart at ho frå no av ikkje vil ta til seg mat.

– I solidaritet med dykk erklærer eg ein ikkje avgrensa sveltestreik, med krav om at president Viktor Janukovitsj signerer ein avtale med EU, seier Timosjenko i ein bodskap til demonstrantane.

Janukovitsj har vore talsmann for ein politikk som knyt Ukraina nærare Russland, medan Timosjenko har vore leiar for fraksjonen som ynskjer å knyte nærare band til EU og dei vestlege landa.

– Press frå Russland

Det var sist torsdag at Viktor Janukovitsj overraska europeiske leiarar med å gi beskjed om at det ikkje blei noko av den planlagde samarbeidsavtalen med EU. Avtalen skulle etter planen underskrivast i den litauiske hovudstaden Vilnius Eitt av krava frå EU var at Julia Timosjenko skulle setjast fri.

Gatekampar i Kiev i Ukraina.

Opprørspolitiet brukte køller og tåregass mot demonstrantar i Kiev i kveld.

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

Det var planen å skrive under avtalen med EU i løpet av denne veka. Vestlege land meiner at fengslinga av Timosjenko er politisk motivert. Janukovitsj seier at det å setje Timosjenko fri vil vere ein fare for den nasjonale tryggleiken.

Janukovitsj har truleg vore under sterkt press frå Russland om å ikkje å skrive under avtalen med EU. Russland har heile tida åtvara mot ein slik avtale. Dei to landa har tradisjonelt hatt nært samarbeid, og Ukraina var ein del av Sovjetunionen heilt fram til oppløysinga av unionen i 1991.

SISTE NYTT

Siste nytt