Samstundes med at ein mann står tiltalt i Oslo tingrett for deltaking i folkemordet i Rwanda, er no ein mann i Sverige tiltalt for det same. Det er fyrste gong nokon er tiltalt for folkemord i ein svensk rettssal.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
– Han er mistenkt for å ha delteke i massakrar mot tutsiar i Rwanda i 1994. Men eg vil ikkje seie nøyaktig kva massakrar det dreier seg om, seier Magnus Elving i påtalemakta til Sveriges Radio, og held fram:
– Lovbrotet er folkemord og grove brot på folkeretten.
Mannen er i 50-åra og har hatt svensk statsborgarskap sidan 2008. Rwanda ville at Sverige skulle utlevere mannen, men dette gjekk ikkje svenske styresmakter med på.
– Det byrja med at styresmaktene i Rwanda ville ha han utlevert, men det går ikkje sidan han er ein svensk statsborgar, seier Hans Melander, leier for etterforskinga.
No står han altså tiltalt i ein svensk rettssal. Saken er venta å starte i november. Deler av rettssaken skal gå føre seg i Rwanda.
– Det er lettare å hente data og informasjon i Rwanda. Men det er unikt at ein svensk domstol reiser dit for å gjennomføre deler av rettssaken, seier aktor Elving til Sveriges Radio.