Hopp til innhold

Theresa May sender ubåtar mot Syria

Storbritannia førebur seg på eit mogleg militært åtak mot Syria. Kjelder seier til avisa Daily Telegraph at statsminister May har beordra ubåtar lasta med kryssarrakettar om å kome seg i posisjon i farvatnet utanfor Syria.

US-LIBYA-MILITARY-MISSILES US-LIBYA-MILITARY-MISSILES

TOMAHAWK: Ein amerikansk ubåt skyt ut ein kryssarrakett av typen Tomahawk i 2003. Dette er ein rakett som også britiske ubåtar nyttar.

Foto: US Navy Photo / Afp

Den britiske statsministeren Theresa May har kalla inn til eit hastemøte i ettermiddag, der ho vil vurdere eit koordinert angrep på Assad-regimet i samarbeid med USA.

President Donald Trump har åtvara Syria, og støttespelar Russland, om at «rakettar er på veg» som svar på eit angrep på sivile med kjemiske våpen i Aust-Ghouta. Angrepet kosta over 40 menneske livet.

Trump tvitra også at russisk luftvern ikkje ville klare å stoppe dei «smarte» amerikanske rakettane.

Laster Twitter-innhold

Russland: – Syria har tatt full kontroll i Douma

Den russiske hæren melder at syriske regjeringsstyrkar har teke Douma, opprørarane sin siste bastion i Aust-Ghouta.

Leiaren for opposisjonsmilitsen Jaish al-Islam skal ha gjeve frå seg alle tunge våpen, og trekt seg ut av området.

Laster Twitter-innhold

– Dette er ei viktig hending i Syrias historie. Syrias flagg er heist over ei bygning i byen Douma, noko som betyr at vi har kontroll over denne byen og dermed heile Aust-Ghouta, seier generalmajor Jurij Jevtusjenko, som er sjef for Russlands fred- og forsoningssenter i Syria, til det russiske nyheitsbyrået Interfax.

Kort tid etter kunngjorde Moskva at russiske soldatar har byrja å patruljere gatene i Douma.

Syria News Guide

DEI KVITE HJELMANE: Den opposisjonelle sivilforsvarsorganisasjonen Dei kvite hjelmane gjev behandling til barn i Douma, som skal ha blitt offer for eit gassangrep. Russland og USA kranglar om kven det er som har skulda.

Foto: AP

Kryssarrakettar i posisjon

I forkant av det venta regjeringsmøtet i London torsdag, skreiv avisa Daily Telegraph at britiske ubåtar lasta med kryssarrakettar har fått ordre om å flytte seg austover i Middelhavet, slik at kryssarrakettane kjem innanfor rekkevidd av Syria.

Orlogskaptein Thomas Slensvik

FORSVARETS MEDIEGRUPPE: Orlogskaptein Thomas Slensvik.

– Skal ein sende kryssarrakettar inn over Syria, må ein ha våpenet i posisjon, fortel orlogskaptein Thomas Slensvik frå Forsvarets mediegruppe til NRK.

Han seier at viss USA vil ha med Storbritannia og Frankrike på operasjonen, og det er snakk om eit større angrep, vil det kunne ta ein dag eller to med planlegging før ein er klar.

– Men viss det er eit mindre angrep, slik ein såg for eit år sidan, så kan ein gjere dette på relativt kort tid, fortel Slensvik.

Samtidig med at spenningen øker i Syria, sender USA ut militære skip.

Eit velbrukt våpen

Kryssarrakettar er ei slags fjernstyrt flygande bombe med vingar. Styresystema kan ofte navigere ved hjelp av terrengprofil, som gjer det mogleg å flyge i svært låg høgd, slik at ein unngår å bli oppdaga av radar.

Våpensystemet kan fyrast av frå ubåtar, fartøy eller fly, og kan sjølvstendig ta seg fram til mål over svært lange avstandar.

Det vart brukt mange slike rakettar under Golfkrigen i 1991, Kosovokrigen i 1999, krigen i Afghanistan frå 2001, og under krigen i Irak i 2003.

YUGOSLAVIA KOSOVO

KRYSSARRAKETT I KOSOVO: Støtteark frå det italienske forsvaret i 1999, av ein Tomahawk rakett, i samband med Kosovo-krisa.

Foto: HO / REUTERS

BBC: – May vil truleg ikkje konsultere parlamentet

Ifølge kjelder BBC har snakka med er May klar til å bidra i eit eventuelt angrep i Syria utan godkjenning frå Parlamentet.

Statsministeren ynskjer å unngå å måtte be Trump om å vente med angrepet til ho har konsultert Parlamentet, ifølgje kjeldene.

Onsdag kveld siterer BBC «godt plasserte kjelder» i regjeringa som seier at May meiner det er behov for å reagere mot Assad. Ho skal ha kalla det kjemiske angrepet i Douma utanfor Damaskus «avskyeleg».

SISTE NYTT

Siste nytt