Hopp til innhold

Rivieraen, Karibia og Maldivane. Jaktar russisk luksus verda rundt

Signal frå luksusyachtar og privatfly blir fanga opp og spreidd til tusenvis av menneske over nettet. Luksuslivet til Putins rike vener får seg ein knekk, yacht for yacht.

Fransk politi gjekk denne veka om bord på ein svær yacht. Luksusbåten var ankra opp utanfor den franske rivieraen.

Eigaren av yachten er Igor Setsjin, ein mann som har tent seg søkkrik på olje, og som står nær Russlands president Putin.

No er det finansdepartementet i Frankrike som har kontroll over yachten.

h6tIQUAmVsE

Yachten Amore Vero er "berre" 86 meter lang. Denne veka fekk yachten besøk frå fransk politi. Dei konfiskerte båten som tilhøyrer eit selskap som er eigd av Putin-venen Igor Setsjin.

Foto: NICOLAS TUCAT / AFP

Er yachtane trygge i Maldivane og Montenegro?

Kvifor tok Frankrike kontroll over båten? Jo, fordi Setsjin er ein av fleire rike russarar som EU har retta sanksjonar mot.

Også andre EU-land har gjennomført liknande aksjonar. Fredag konfiskerte politiet i Italia yachten Lady M, som tilhøyrer den russiske milliardæren Alexey Alexandrovich Mordashov. Det melder AFP.

Morsashov er allereie svartelista av EU for hans tette band til russiske styresmakter.

Russiske oligarkar eig nokre av verdas finaste og største yachtar. Og no strammar nettet seg stadig meir rundt desse oligarkane. Skulda må dei legge på Vladimir Putin som har gått til krig mot Ukraina, vel vitande om at sanksjonar er eit av få verktøy som Vesten har i møte med krigen.

Ein del mediehus har forsøkt å skaffe seg oversikt over yachtane, og mykje tyder på at enkelte oligarkar seglar båtane sine mot trygge hamner. Håpet er kanskje at dei ikkje er like utsette for sanksjonar frå Vesten.

  • Kvifor vart privatflyet til Arkadij Rotenberg flydd frå Moskva til Maldivane på krigens sjette dag?
  • To veker før Vladimir Putin starta krig mot Ukraina, så flytta han yachten sin frå Tyskland til russiske Kaliningrad. Visste han allereie då at han skulle starte krig?
  • Kvifor har fleire russiske yachtar ankra opp ved Seychellene?
  • Og kvifor har yachten til ein av Russlands rikaste menn sett kursen mot Montenegro?

Dette er nokre av spørsmåla som dukkar opp om ein følger med på kor luksusfartøya til nokre av Russlands rikaste menn tek vegen.

Oversikt over ein del, men langt frå alle, yachtane som er eigd av rike russarar

19-åring har fiksa sporing av luksusfly- og båtar

Plutseleg er det tusenvis av menneske som fattar interesse for russarar sin luksus. Minst 330.000 Twitter-brukarar har på veldig få dagar starta å følge enkelte kontoar kor ein har automatisert overvakinga av yachtar og privatfly, som er eigd av rike russarar.

Det er spesielt Twitter-kontoen @RUOligarchJets som har blitt populær og som blir oppdatert mest hyppig. Der blir privatflya til ei rekke oligarkar følgt.

Laster Twitter-innhold

– Før alt dette, så visste eg ikkje eingong at det fanst oligarkar som dette. Dei har sannsynlegvis ein god dose makt, frå det eg kan forstå, seier 19 år gamle Jack Sweeney til NBC News.

Han er ingen ekspert på Russland, men han kan kunsten å sette opp automatisk overvaking av fly. Tidlegare har han spora opp flya til verdas rikaste folk, og irriterte dermed på seg elbil-gründer og Tesla-sjef, Elon Musk.

Jack Sweeney

Jack Sweeney står bak kontoane som overvaker privatflya til rike russarar.

No er det altså russiske oligarkar som er målet for 19-åringen, som er overraska over engasjementet som Twitter-kontoen har skapt.

– Det er rein galskap. Eg tenkte at nokre folk kunne fatte interesse for det. Eg berre trudde ikkje at alle moglege typar folk ville vere interesserte.

Dei siste dagane har også kontoar som @RUOligarchYacht og @PutinJet blitt oppretta. Dei følger luksus-yachtane til oligarkane, og Putin sine privatfly.

fDh5j9PT0pw

Mannskap på 42 stykk, og plass til 14 passasjerar. Andrej Melnitsjenko sin yacht er 119 meter lang, kjem opp i 23 knop og er blant dei som kan bli konfiskerte.

Foto: Tim Chong / Reuters

Fleire oligarkar vender ryggen til Putin

Søkkrike russarar er under sterkt press frå alle kantar. I tillegg til at dei risikerer å få konfiskert sine luksusfartøy og eigedom, så mister dei også tilgang til handelsmarknader, og oppleve at finansverda tek avstand frå russisk næringsliv.

Fleire ekspertar meiner at oligarkane har ordna seg på måtar som fører til at dei vil klare seg ganske greitt, trass alle sanksjonane. Dei har putta pengar i skatteparadis, eller overført verdiar til andre personar, slik at det blir vanskeleg å fjerne all rikdomen deira.

Men dei merker likevel tydeleg at verda har endra sitt syn på Russland, og fleire av oligarkane har gått ut mot sin eigen president etter at sanksjonane vart innført.

dD0q5B1yrts
Oleg Deripaska har møtt Putin fleire gonger. No ber han presidenten sikre fred og fredssamtaler.
0vFsKfMAvjo
Milliardæren Mikhail Fridman, med foreldre frå Ukraina, krev ein stans av krigen.
Roman Abramovitsj
Roman Abramovitsj har meldt at han vil bidra i fredsforhandlingar. Han vil også selje fotballklubben Chelsea, og gje overskotet til ukrainske krigsoffer.
qfJKRsH11o4
Oleg Tinkov, eigaren av det tidlegare sykkellaget Tinkoff, har også han kritisert krigen, og seier at uskyldige folk blir drepne.

– Få med næringsinteresser som sit tett på Putin

Men ikkje alle oligarkane kjem til å vende seg ryggen til Vladimir Putin, seier Ingerid Maria Opdahl, som er førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudium.

– Den terskelen ligg veldig, veldig høgt.

Opdahl seier at oligarkane har ganske ulike interesser, også fordi Putin har vore oppteken av at ingen skal få store fordelar samanlikna med andre. Ho meiner også at fleire av dei som har moglegheit til å påverke Putin ikkje først og fremst taler på vegne av næringslivet.

– No vert avgjerslene tekne av ein veldig liten krets rundt Putin, og der sit det ikkje nokon med næringsinteresser.

Men sjølv om næringslivstoppane ikkje sit tett på Putin, så er det stadig fleire eksempel på personar eller selskap med store økonomiske interesser som ber om fred og ein slutt på sanksjonar.

Oljeselskapet Lukoil bad i går om at krigen vert stansa, og stadig nye sanksjonar rammer stadig fleire folk. Og ekspertar som NRK har snakka med meiner dei ferskaste sanksjonane rammer folka nærast Putin meir direkte enn tidlegare.

SISTE NYTT

Siste nytt