Hopp til innhold

Taliban lovar å innføre sharia i Kunduz

Taliban lovar å innføre sharialover i den afghanske provinshovudstaden Kunduz, etter at den islamistiske opprørsgruppa tok kontroll over byen i går. Det er i kveld norsk tid harde kampar om flyplassen utanfor byen.

Taliban-opprørarar i Kunduz.

Alt tyder på at Taliban har full kontroll over Kunduz, trass i at afghanske regjeringsstyrkar har varsla at dei vil prøve å ta byen tilbake.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Taliban erobra provinshovudstaden Kunduz i eit overraskingsangrep frå tre kantar natt til i år. I løpet av dagen tok dei kontroll over størstedelen av den strategisk viktige byen , og regjeringsstyrkane trekte seg tilbake til eit område ved flyplassen.

I kveld norsk tid blir det meldt at Taliban gjennomfører eit angrep mot flyplassen i byen, der regjeringsstyrkane har forskansa seg. Ei afghansk tryggingskjelde seier til Reuters at opprørarane har teke kontroll over 80 prosent av flyplassområdet.

Afghanistans president Ashraf Ghani, som i dag markerte at det er eitt år sidan han tok over som president, lovde i ein tale at regjeringsstyrkane raskt skal ta tilbake kontrollen

Afghanistans president Ashraf Ghani.

Ashraf Ghani, som har vore president i Afghanistan i eitt år i dag, lovar å gjenerobre Kunduz frå Taliban.

Foto: Massoud Hossaini / Ap

over Kunduz. Han sa også at soldatane har vore tilbakehaldne med å gå til motangrep, fordi dei vil spare sivile liv.

Amerikansk flyangrep

I dag tidleg gjekk amerikanske fly til angrep på Taliban-stillingar i utkanten av byen, truleg i eit forsøk på å gi støtte til regjeringsstyrkane sin motoffensiv. Det har likevel ikkje kome meldingar som kan tyde på at ein større offensiv er i gang.

Taliban la i dag ut ein video på ei islamistisk Facebook-side som viser at Taliban-flagget blir heist i sentrum av byen. Videoen viser også ein væpna mann som talar til ei forsamling på eit torg i byen. Han seier ifølgje AFP at dei kjem til å innføre sharialovene i byen, medan folkemengda svarar «inshalla» (om Gud vil).

Talaren seier også at dei vil gi eit generelt amnesti til alle regjeringssoldatar som ynskjer å overgi seg, og at Taliban vil sikre at innbyggjarane og eigedomane deira er trygge.

Taliban-kjelder seier også at dei har sendt forsterkingar til Kunduz.

Taliban-krigarar og sivile i Kunduz.

Det har i dag vore roleg i Kunduz, provinshovudstaden nord i Afghanistan som vart erobra av Taliban i går. Her er talibanar saman med sivile i ei av hovudgatene i byen.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Alvorleg nederlag

Nederlaget i Kunduz er eit alvorleg slag mot dei afghanske regjeringsstyrkane, og fleire observatørar meiner at den raske Taliban-sigeren i byen gir grunn til å trekkje i tvil om det afghanske forsvaret er i stand til å greie seg utan hjelp frå Nato.

Erobringa av Kunduz er første gong sidan den USA-leidde invasjonen i Afghanistan i 2001, at Taliban har greidd å ta ein provinshovudstad.

Det er uklart kor mange som er drepne i kampane om Kunduz, men bilete frå byen viser mange døde. Forsvarsminister Mohammad Masoom Stanekzai sa tidlegare i dag at 17 regjeringssoldatar er drepne, medan 18 er såra. Taliban har ikkje oppgitt døde på deira side.

Amatørvideo fra Kunduz

VIDEO: Taliban har heist flagget sitt i Kunduz.

– IS står svakt i Afghanistan

–Taliban angriper med større kraft

Tomt fengsel

Taliban erobra i går ettermiddag eit større fengsel i byen, der det var mange fengsla islamistar. 600 fangar vart sette fri, blant dei rundt 100 Taliban-opprørarar. Det kjem meldingar i dag om at regjeringsstyrkane skal ha teke tilbake fengselet.

Om dette er rett, så kom dei likevel til eit fengsel utan fangar.

Samstundes opplyser den svenske Afghanistan-komiteen, som har eit kontor i byen, at situasjonen har vore roleg for dei sivile i Kunduz i dag. Obaidullah Faqir, deira representant i Kunduz, seier til det svenske nyheitsbyrået TT at situasjonen er vanskeleg for internasjonale organisasjonar og regjeringsrepresentantar, men at sivile i byen har det greitt.

kunduz

SISTE NYTT

Siste nytt