Hopp til innhold

Taliban erobra afghansk provinshovudstad

Afghanske styresmakter stadfestar i kveld at Taliban har teke kontroll over provinshovudstaden Kunduz nord i landet. Fleire hundre islamistar er sette fri frå fengselet i byen.

Afghanske regjeringsstyrkar i Kunduz.

Afghanske regjeringsstyrkar gjer seg klar til kamp mot Taliban i Kunduz.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Ein talsmann for det afghanske innanriksdepartementet seier i kveld til det tyske nyheitsbyrået DPA at Taliban-opprørarane no har teke kontroll over byen. Ein Taliban-talsmann sa tidlegare at dei hadde teke kontroll over guvernøren sitt kontor i byen, og at dei var i ferd med å ta flyplassen.

Talsmann Sedik Sedikki i innanriksdepartementet seier at regjeringsstyrkane førebur ein offensiv mot flyplassen, og at dei er i ferd med å prøve å vinne att kontrollen over byen.

Taliban tok tidlegare i dag kontroll over minst halvparten av byen Kunduz, og dei heiste flagget sitt i sentrum av byen. Seinare på dagen gjekk dei væpna islamistane til angrep på fengselet med granatkastarar og handvåpen, og dei tok raskt kontroll over institusjonen.

Taliban-fangar

Fleire viktige Taliban-medlemer skal ha vore blant fangane som vart sette fri av islamistane.

Skyting i Kunduz i Afghanistan.

Røyk stig opp frå ein politistasjon i Kunduz under kampar mellom Taliban og afghanske regjeringsstyrkar.

Foto: STR / Ap

Ein talsmann for politiet i Kunduz stadfestar at Taliban har teke kontroll over halvparten av byen.

Guvernøren i Kunduz opplyser at den afghanske hæren har sendt forsterkingar til Kunduz for å prøve å ta tilbake kontrollen over byen. 120 spesialsoldatar har landa på ein flybase utanfor byen.

Ei kjelde i politiet seier til Reuters at hovudkvarteret for politiet i Kunduz framleis er på afghanske styresmakter sine hender, men at Taliban har teke kontroll over andre offentlege bygningar.

Rådhuset skal vere blant bygningane Taliban no har kontroll over, det same gjeld eit større sjukehus. Det lokale hovudkvarteret til den afghanske tryggingstenesta skal vere sett i brann, og opprørarane skal ha teke over fleire lokale politistasjonar.

Ein Taliban-talsmann seier at politihovudkvarteret i Kunduz no er einaste staden der dei møter motstand.

Ein journalist frå AFP opplyser at Taliban-krigarar køyrer rundt i byen i politibilar.

Afghanske soldatar i Kunduz.

Afghanske soldatar patruljerer i eit område dei framleis har kontroll over i Kunduz nord i Afghanistan.

Foto: STRINGER/AFGHANISTAN / Reuters

Tredje forsøk

Dette er det tredje forsøket frå Taliban på å overta Kunduz i løpet av året. Dei gjorde to mislukka forsøk på å ta kontroll over byen i april og juni, men vart då slått tilbake av regjeringsstyrkane.

Forskar Arne Strand ved Christian Michelsens institutt i Bergen seier til NTB at det kan vere fleire grunnar til at Taliban har gått til angrep på Kunduz no. Han fortel at den islamistiske opprørsgruppa har utøvd eit press mot byen og provinsen i lang tid.

Han meiner at indre konfliktar i det afghanske maktapparatet og regjeringa har kome til uttrykk i Kunduz, og at det er noko Taliban kan ha trekt vekslar på. I tillegg er området viktig for smugling av narkotika, og Taliban kan ha inngått alliansar med dei som har interesser i denne trafikken.

Til angrep frå tre kantar

– Men slaget om byen er ikkje nødvendigvis avgjort, seier Strand til NTB.

Taliban rykte inn i den strategisk viktige byen Kunduz frå tre kantar, melder AFP. Meldingar frå byen tyder på at angrepet kom svært overraskande på regjeringssoldatane. I kveld lokal tid rasar det framleis kampar i byen og eit par andre stader i provinsen.

Dette skal vere første gong etter den USA-leidde invasjonen i Afghanistan i 2001 at Taliban har greidd å ta kontroll over ein provinshovudstad.

kunduz