Hopp til innhold

500.000 evakuerte i India – to millionar utan straum på Filippinane

Ein halv million menneske er evakuerte i India i frykt for syklonen «Phailin», som kan bli ein av dei sterkaste som nokon gong har ramma landet.

India ramma av syklon.

Syklonen har alt gjort stor skade i kystnære område i delstaten Andhra Pradesh.

Foto: STRINGER/INDIA / Reuters

Styresmaktene i India fryktar så mange som 12 millionar menneske kan bli ramma av syklonen, som er venta å kome opp i ein vindstyrke på 65 sekundmeter, eller 234 kilometer i timen. Det er dobbelt så mykje som ein gjennomsnittleg orkan.

Dekkjer heile Bengalbukta

Satellittbilete av syklonen Phalin

Satellittbiletet av syklonen viser at han dekkjer så godt som heile Bengalbukta.

Foto: HO / Afp

Satellittbilete av syklonen viser at storleiken er enorm. Uveret dekkjer så godt som heile Bengalbukta, og det er venta at syklonen vil nå land på austkysten av India i løpet av ettermiddagen norsk tid. Delstatane Odisha og Andhra Pradesh er venta å bli verst ramma.

Sjølv før det verste vêret har nådd kysten er det gjort store øydeleggingar. To menneske er meldt omkomne hittil, men styresmaktene fryktar at dette talet vil stige.

Det er frykt for at «Phailin» kan bli det vet verste uveret som har ramma området sidan 1999, då 8000 menneske omkom.

Shashidar Reddy, leiar for den indiske katastrofeberedskapen, seier at evakueringa som er gjennomført er ei av dei største som nokon gong er sett i verk i India. Folk er samla i senter eit stykke innover i landet.

Tyfon i Filippinane.

Tyfonen i Filippinane har ført til overfløymde rismarker fleire stader.

Foto: Bullit Marquez / Ap

To millionar evakuerte i Filippinane

Tyfon i Filippinane.

Uveret har skapt store problem også for husdyra.

Foto: Bullit Marquez / Ap

Samstundes som syklonen «Phailin» herjar i Bengalbukta, er også Filippinane ramma av eit kraftig uver. Tyfonen «Nari» har ført til overfløymde rismarker og øydelagde hus. To millionar menneske er utan straum i delstaten Aurora og fem naboprovinsar.

Vinden har flerra taka av mange hus, og tre og stolpar har knekt som fyrstikker, slik at straumleidningar har falle ned. Den kraftige vinden, som har vore opp i ei fart av 150 kilometer i timen.

Minst 13 menneske har mista livet i tyfonen. 2500 menneske er evakuerte frå heimane sine og plasserte i tilfluktsrom i frykt for flaum og jordras.

Hovudstaden Manila og området rundt er ikkje ramma så hardt av tyfonen.

Syklon rammar Andhra Pradesh i India.

Syklonen har alt gjort stor materiell skade i delstaten Andhra Pradesh i India.

Foto: STRINGER/INDIA / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt