Hopp til innhold

Innbyggarane må søke dekning – svoltne og aggressive aper invaderer thailandsk by

Fleire av innbyggarane i byen Lopburi i Thailand har sett seg nøydde til å barrikadere seg inne. Årsaka er at hordar av pågåande aper på jakt etter mat, har invadert byen.

Makak-ape gaper mot kameraet

SVOLTEN: Koronapandemien har gjort at det er betrakteleg mindre mat tilgjengeleg for fleire dyr, mellom dei makak-apene i thailandske Lopburi. Dei svoltne dyra blir aggressive og pågåande i jakta på mat.

Foto: Mladen Antonov / AFP

– Det er som om vi lever i eit bur, medan apa lever fritt på utsida, seier Kuljira Taechawattanawanna til nyheitsbyrået AFP, medan ho peikar på nettingen over terrassen.

Etter at det vart stans i turismen på grunn av koronautbrotet, har det oppstått «no go-soner» for innbyggarane i Lopburi, ein by nord for Bangkok, skriv The Guardian.

I desse områda er det no store mengder pågåande og aggressive makak-aper.

Bananar frå turistar

Til vanleg er apene ynda fotoobjekt for dei mange turistane som besøker byen, og som matar apene med bananar.

Men når som koronapandemien har halde turistane unna, har òg mattilgangen for apene blitt tilsvarande redusert.

– Apene har hatt ei jamn, stabil og sikker matkjelde. Dei har fått masse ungar og blitt ein svær flokk. No har den stabile matkjelda plutseleg tørka inn. Og når krybben er tom, blir hestane bitne, seier universitetslektor i zoologi ved Naturhistorisk museum, Petter Bøckman, til NRK.

Ifølgje AFP har det blitt dobbelt så mange makak-aper – rundt 6000 av dei – i byen dei siste tre åra.

Makak-aper i Lopburi i Thailand

MANGE: Talet på makak-aper har auka betrakteleg i Lopburi dei siste åra.

Foto: Mladen Antonov / AFP

– Intens konkurranse om maten

I ein normal situasjon treng ikkje apene å vere så aggressive, fordi det då er nok mat.

– Men no er dei rett og slett sinnssjukt svoltne, og det er ein superintens konkurranse om matkjeldene. Storleiken på apeflokken er mykje større enn mengda mat som er tilgjengeleg no, seier Bøckman.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

– MATMANGEL: – No har den stabile matkjelda til apa plutseleg tørka inn, og det er ein superintens konkurranse om matkjeldene, seier zoolog Petter Bøckman.

Foto: Karsten Sund

– Apene er overraskande sterke, og dei kvir seg ikkje for å bite i ein gitt situasjon. Du har ikkje noko lyst til å bli biten av ein stor makak-ape, for å seie det sånn.

Tidlegare under koronautbrotet er det fortalt om «gjengkrig» mellom desperate og sveltefora rotter i storbyar verda over.

Mengda med matavfall og anna søppel frå restaurantar og gatekjøkken, blei markant mindre då korona-restriksjonar stengde store delar av samfunnet.

– Aper bryt seg inn i hus

I Lopburi har apene sitt «hovudkvarter» i ein tom kino. I området rundt har nokon av butikkeigarane sett ut kosedyr som ser ut som tigrar og krokodiller, for å prøve å skremme apene til å halde seg unna, skriv AFP.

Nokon av innbyggarane har òg prøvd å stagge apene ved å gi dei noko å ete, som frukostblandingar og søtsaker, utan hell.

Bøckman skildrar makak-apene som «vår eiga nære slekt», som reagerer likt som det mange menneske ville ha gjort i ein ekstrem svolt-situasjon.

– Vi har sett tilfelle i byar der aper bryt seg inn i hus, rappar ting frå babyar, stel mat frå butikkar og så vidare. Dette er ressurssterke dyr, seier han.

Makak-ape utenfor et tempel i Lopburi
Foto: Mladen Antonov / AFP
Store mengder makak-aper har nærmest invadert den thailandske byen Lophuri. Apene er uvanlig aggressive nå fordi koronautbruddet har gjort tilgangen på mat betraktelig mindre.

Skal steriliserast

For å prøve å få bukt med problemet i Lopburi, har styresmaktene no sett i gang ein storstilt kampanje for å sterilisere apene.

– Det er lurt at dei i alle fall sørger for at apene ikkje blir fleire no. Alle dyrearter vil vekse til den når opp til mengda mat som er tilgjengeleg, så dei vil tilpasse seg forholda etter kvart, seier Bøckman.

Aper ligger på bordet hos veterinærer, før apene skal steriliseres

BLIR STERILISERT: Veterinærar har no gått i gang med å sterilisere apene i Lopburi for å prøve å få bukt med situasjonen.

Foto: Jorge Silva / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt