Den 66 år gamle opposisjonspolitikaren, som har vore i husarrest i mange år, er på valkampturné med båt i heimlandet Myanmar. Ho har svært lågt blodtrykk, og ho er sett på drypp, opplyser legen hennar, Tin Myo Win.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Reiser tilbake til Rangoon
Det var først håp om at ho kunne ta opp igjen valkampturneen i seinare søndag, men søndag føremiddag norsk tid opplyser partiet hennar at ho kjem til å avlyse resten av turneen.
– Legen hennar har rådd henne til å avbryte turneen og halde seg i heimen i Rangoon, seier nestleiaren i partiet hjernar, Det nasjonale demokratiforbundet, Kyi Toe til AFP.
I går stod båten hennar fast på ein sandbanke i fleire timar under ein tur til byen Myeik lengst sør i Myanmar. Ho er sliten etter å ha opphalde seg i båten så lenge, og ho reiser tilbake til hovudstaden i løpet av søndag.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Tilhengjarar samla seg
Om lag 1000 tilhengjarar samla seg i dag utanfor huset der ho får medisinsk behandling, melder nyheitsbyrået AFP frå staden. Etter planen skulle ho ha halde ein tale i Myeik søndag ettermiddag.
Aun San Suu Kyi, som fekk Nobels fredspris i 1991 for kampen for demokrati i Burma/Myanmar. I fjor vart ho sett fri frå husarrest, og dei militære leiarane i landet har no gitt henne lov til å delta i suppleringsvalet til parlamentsvalet 1. april.
Ho hadde planlagt eit svært tett program i valkampen, med talar og folkemøte over heile landet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Militæret har kontroll
Ved suppleringsvalet søndag om ei veke er 48 av dei 158 plassane i nasjonalforsamlinga på val. 168 kandidatar frå 17 parti stiller til val, saman med åtte uavhengige kandidatar.
Ein firedel av plassane i nasjonalforsamlinga i Myanmar/Burma er avsett til militært personell, som blir utpeika av forsvarssjefen.
Partiet USDP, som i hovudsak bstår av tidlegare militære, kontrollerer 79 prosent av dei resterande plassane i under huset, og 77 prosent av dei resterande plassane i overhuset, ifølgje NTB.