Hopp til innhold

Sudanekspert: – Ikkje vore så alvorleg sidan 1985

Opp mot 200 kan ha blitt drepne etter subsidiar på bensin vart kutta i Sudan sist veke. Demonstrantar støtte saman med politi etter at bensinprisen vart dobla over natta. Heilt naudsynt, seier president Omar al-Bashir.

Skudd og tåregass mot demonstranter i Sudan

Skot og tåregass mot demonstrantar i Sudan.

– Alle hadde skotskader, nokre også i brystet, fortel Osama Mortada til BBC's Arabic Service.

Opp mot 200 drepne

Han jobbar ved Omdurman sjukehus, og seier at 100 personar hadde kome til sjukehuset. 21 av dei kom ikkje ut att i live. I alt skal opp mot 200 personar blitt drepne i opptøyane som starta etter at sudanske styresmakter kutta i subsidiar. Over natta vart bensinprisen meir enn fordobla, noko som også påverka prisen på andre varer.

APTOPIX Sudan Prophet Film

Bensinstasjonar vert påtente av demonstrantar og som tilsvar kom tåregass og kuler.

Foto: Abd Raouf / Ap

Dei siste dagane har det vore rolegare i hovudstaden Khartoum. Men for ei veke sidan gjekk det heit føre seg. Bensinstasjonar og bildekk vart sette fyr på, og som motsvar stengde sudanske styresmakter av internettet og nytta tåregass. Det har skapt sinne blant sudanarar som meiner det er deira rett å få protestere.

– Naboen vår mista livet i demonstrasjonane. Etter det som skjedde har me mista tillita til styresmaktene, seier Sosan Bashir, som bur i Nord-Khartoum.

Ny arabisk vår?

Ikkje sidan 1985 har ein sett ein like alvorleg situasjon i Khartoum, seier Sudan-ekspert Øystein Rolandsen.

– Om ein ser på graden av vald og kor mange drepne det er, så må ein faktisk tilbake til 1985, då ein tidlegare militærdiktator vart kasta, for å finne ein liknande situasjon. Interessant nok er desse opprøra også større enn dei som kom i samband med den arabiske våren, seier PRIO-forskaren.

Øystein Rolandsen

Øystein Rolandsen, PRIO-forskar og Sudan-ekspert.

Foto: Julie Lunde Lillesæter / NRK

Når det kjem til spørsmålet om opptøyane kan ende opp i ein ny, meir lokal arabisk vår i Sudan, meiner Rolandsen at det er to viktige faktorar som speler inn.

– Det eine er i kor stor grad ein klarer å mobilisere dei misnøgde massane. Demonstrantane er ei samansett gruppe. Ein annan faktor er regimets vilje til å slå ned på opprøra. Då handlar det om kor langt dei er villige til å gå for å få sitje ved makta, og i kor stor grad dei får fotsoldatane til å utføre oppgåvene dei blir gitt.

– Skilnad på Darfur og Khartoum

Sudans president Omar al-Bashir er tiltalt for folkemord av den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er folkegrupper i Darfur-regionen som skal ha blitt drepne av presidenten og hans menn.

Rolandsen meiner ein må skilje på kva sudanske styresmakter gjer i hovudstaden, og kva dei gjer i dei meir perifere delane av landet.

– Kva ein tillet seg å gjere i Khartoum, og kva ein tillet seg å gjere i eit utkantstrøk som Darfur, er veldig forskjellig. Det er ein viktig støttepilar for regimet å halde den urbane delen av folket i ro og nøgde. Og terskelen for å bruke utstrakt vald er høgare i Khartoum, og dei større byane, seier forskaren.

Han meiner det også er difor graden av vald dei siste dagane er oppsiktsvekkjande og urovekkjande.

PAKISTAN-ISLAM-UNREST-FILM-US-LIBYA

Sudanske politimenn kom demonstrantane i møte. Opp mot 200 menneske kan vere drepne i uroa sist veke.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Trongt økonomisk

I går uttalte president Omar al-Bashir seg om opptøyane og subsidiekutta for første gongen. Kutta var heilt naudsynte sa han.

– Dei seinaste økonomiske tiltaka har som mål å motverke den totale økonomiske kollaps etter at inflasjonen auka og valutaen vart meir ustabil, sa al-Bashir ifølgje det statlege nyheitsbyrået SUNA.

Sudan har det trongt økonomisk. Store deler av oljenæringa har dei mista då veslebror Sør-Sudan fekk sjølvstende i 2011, og på 90-talet innførte mange vestlege land sanksjonar overfor landet fordi dei meinte landet støtta internasjonal terrorisme. Sanksjonane har blitt haldne ved like på grunn av den pågånde konflikta i Darfur.

Øystein Rolandsen meiner det er mykje som tyder på at det er tronge kår for Sudan for tida.

– Det er heilt klart at regimet har store økonomiske problem. Det har også vore tilløp til intern uro i regimet, og det har vore snakk om ein del misnøye i hæren. Det er ein del teikn i tida som viser at det går på stumpane laus for regimet i Sudan, seier Rolandsen.

Konfliktfylte Sudan

I Sudan er det fleire konflikter som bidreg til store militære utgifter. I regionane Darfur, Blånilen og Sør-Kordofan har det lenge vore kampar, og ein pågåande oljedebatt med Sør-Sudan skaper også uro i Sudan. Mangelen på utanlandsk valuta bidreg også til at importvarer vert dyrare, noko som gir store innhogg i sudanarar sin private økonomi.

Rolandsen meiner ei reform kan vere ei mogleg løysing på problema, men at det er mykje som tyder på at regimet i staden for kjem til å klamre seg til makta ved hjelp av valdsbruk.

Fleire land, deriblant Noreg, fordømde valden som fann stad i Sudan sist veke. Sudanske styresmakter seier dei har arrestert hundrevis av kriminelle og at dei vart nøydde til å intervenere då uroa starta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt