Hopp til innhold

Storbank sparker 50.000 tilsette

HSBC er den største bankgruppa i verda, men har no gått på ein kraftig smell og skal kutte opp mot 50.000 stillingar. Verst er det for dei tilsette i Brasil og Tyrkia.

BRITAIN-HONG KONG-HSBC-BANKING-FILES

HSBC skal no selje verksemdene i Tyrkia og Brasil, men derimot satse i Asia.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Storbanken varslar at dei vil legge ned drifta i Brasil og Tyrkia som eit ledd i ein global omstruktureringsplan. Den same planen opnar også for at bankens hovudkvarter kan bli flytta bort frå London, der dei held til i dag.

Håpet er at banken skal spare kostnadar på nesten 40 milliardar kroner dei neste to åra ved å gjennomføre endringane.

– HSBC gjer no ei markant omforming av selskapets portefølje. Me omplasserer våre ressursar for å famne om dei vekstmoglegheitene som er venta i framtida, og tilpassar oss strukturelle endringar i finansverdenen, står det i ei presseutsegn som banken sende ut i dag.

Samstundes som HSBC sel si verksemd i Tyrkia og Brasil, så skal dei trappe opp innsatsen i Asia. Kor bankens hovudkvarter skal ligge skal bli nøye vurdert, og ei avgjersle skal takast innan 2015 er omme.

Banken har vore i hardt vêr den siste tida, og har vore skulda for å hjelpe kundar med å snuske på skatten.

SISTE NYTT

Siste nytt