Hopp til innhold

58 arresterte for omfattande turist-svindel på Gran Canaria

Spansk politi har arrestert 58 personar i ei massiv opprulling av timeshare-bedrageri på den populære ferieøya. Tusenar av turistar kan ha blitt lokka til å investera i feriebustader og luksusturar som ikkje eksisterer.

Arguineguin

Svindlarane skal ha hatt hovudbase i Arguineguín - den staden i ferieparadiset Gran Canaria der flest nordmenn bur på fast basis.

Foto: http://www.flickr.com/photos/klimenko/

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det opplyser politiet på Gran Canaria overfor NRK.no tysdag føremiddag.

– Eg kan stadfesta at 58 personar er arresterte, mistenkte for timeshare-svindel. Saka er ikkje avslutta, og med omsyn til etterforskinga kan me ikkje gje fleire detaljar, fortel ei talskvinne for politiet i Las Palmas.

– Norsk mann var nøkkelperson

Det var Mindtimeshare som melde frå til politiet om bedrageriet etter å ha fått inn klagar frå ei rekkje turistar. Måndag gjekk politiet til aksjon både i Arguineguín og Mogán, der dei mistenkte blei arresterte.

Dei fleste av dei arresterte skal vera britiske statsborgarar, men éin av dei er norsk statsborgar og ein nøkkelperson i den kriminelle verksemda, ifølgje Mindtimeshare.me og den lokale nettavisa canariasahora.

Politiet i Las Palmas vil på noverande tidspunkt korkje stadfesta eller avkrefta opplysningar om nasjonaliteten til dei mistenkte.

Gjennom fleire ulike firmanamn skal den kriminelle banden ha selt ikkje-eksisterande timeshare-bustader og feriereiser til turistar gjennom såkalla ferieklubbar.

Svindlarane skal blant anna ha operert under firmanamn som Voyager Travel, Lifestyle Holidays, Reclaimgc, Timeshare Refund Network.

Hovudbasen skal ha vore i bustadkomplekset Club Puerto Atlántico i Arguineguín - den staden på Gran Canaria der det bur flest fastbuande nordmenn.

Kan ha svindla til seg nesten 40 millionar

Politieininga for organisert kriminalitet på Gran Canaria har ransaka kontor og visningsrom i både Arguineguín og Mogán i ein aksjon som går under namnet «Operación Timesharing», melder det spanske nyheitsbyrået Europa Press.

Over 60 offer har avgitt forklaring i saka, men ifølgje Mindtimeshare kan så mange som 2000 turistar ha blitt svindla for nærmare 40 millionar kroner totalt sidan banden starta den kriminelle verksemda i 2007.

Gjennom å forplikta seg til mange års medlemskap i ferieklubbar skulle turistane få tilbod om bustader og luksusferiar til sterkt rabatterte prisar mot ein kontingent på 5000-30.000 euro.

Svindlarane oppsøkte travle gater i San Bartolomé og Mogan. Der gav seg ut for å vera tilsette i offentleg sektor for turisme på Kanariøyane, som kunne tilby nye og gunstige ferieprodukt.

Fekk turistane på kroken med svindel-skrapelodd

Ved bruk av skrapelodd der alle fekk gevinst skal dei ha fått turistane med seg frå gatene og inn på salskontora sine, der dei blei sitjande i fire til åtte timar lange salsmøter.

I løpet av møtene blei offera overtalde til å gjera investeringar i feriebustader og luksusreiser.

I tillegg til bustad- og reisesvindelen, skal dei arresterte stå bak firmaet Reclaimgc, som tilbyr rådgjeving og juridisk bistand til personar som er misnøgde med timeshare-kjøp, og ønskjer å fremja erstatningskrav.

SISTE NYTT

Siste nytt