– Det er eit greit og forståeleg system. Me veit kva me får og ungane likar seg her, seier Anne Lene og Ove Holmaas frå Os utanfor Bergen.
NRK møter dei solbrune nordmennene på den offentlege stranda ved det enorme Anfi del Mar-anlegget på sørkysten av Gran Canaria.
Det er helg, og dei vanlegvis så flittige timeshare-seljarane let skrapelodd og kontraktar liggja fram til måndagen.
– Ei livsinvestering i ferie og familie
Timeshare- og ferieklubb-konseptet har vore i hardt vêr den siste veka, etter at politiet på Gran Canaria gjennomførde ein massiv politioperasjon og arresterte 74 personar i bransjen for mistanke om systematisk turistsvindel.
Politiet har i etterkant fått refs frå dommaren i saka for dårleg arbeid, men svindel-skuldingane er framleis under etterforsking.
Den ferierande familien frå Os er ikkje uroleg for å ha gått i ei felle. Dei kjøpte seg inn i 2009. I fjor haust utvida dei medlemskapet sitt, og har i alt investert 300.000 kroner i Anfi del Mar.
Sjølv om denne typen ferieprodukt er kostbare, har dei aldri angra på kjøpet.
– Me ser på det som ei livsinvestering i ferie og familietid. Me kjøpte ikkje spontant av ein seljar som delte ut skrapelodd på gata, men oppsøkte Anfi på eige initiativ og visste godt kva me gjekk til. I etterkant har me utelukkande gode erfaringar, seier Ove Homaas.
- LES OGSÅ: Slik svindles turistene på Gran Canaria
Timeshare-kjempen Anfi del Mar på Gran Canaria blei grunnlagd av den norske entrprenøren Bjørn Lyng i 1998. I dag har anlegget 37.000 medlemmer.
Foto: Gunn Evy Auestad / NRK140 pågåande saker mot Anfi del Mar
Mange av turistane som okkuperer solsengene på stranda har allereie gjort som familien Holmaas og kjøpt seg inn i timeshare-komplekset, som blei grunnlagt av den norske gründeren Bjørn Lyng i i 1988. I dag eig arvingane hans 50 prosent av Anfi Gruppen.
Selskapet har 37.000 medlemmer og 5000 sengeplassar. Nordmenn utgjer 40 prosent av dei som er innom i høgsesongen, frå oktober til mai.
David Sánchez er leiar for lovavdelinga ved Anfi del Mar.
Foto: Anfi Gruppen– Dei norske turistane er svært viktige for oss, seier leiaren for lovavdelinga ved Anfi del Mar, David Sánchez til NRK.
Sjølv om Anfi er ein av timeshare-aktørane som har klart å halda seg relativt kritikk-frie, blir også dei tekne med i dragsuget når det dukkar opp svindelsaker i bransjen. Både useriøse og seriøse aktørar får svi, meiner Sánchez.
– Svindel-opprullingar gjer veldig, veldig stor skade. Folk som høyrer om slike tilfelle vil vera skeptiske til oss i utgangspunktet, sjølv om saka som har vore i media no ikkje eingong dreier seg om timeshare, men om ferieklubb-konseptet. Me må fortsetja kampen mot svindel og jobba hardt for å overbevisa folk om at ikkje alle driv med bedrageri.
Men også Anfi blir skulda for lureri. Per i dag har dei 140 pågåande saker mot seg. Hovudsakleg dreier det seg om kundar som meiner kontraktane dei har inngått med Anfi del Mar er lovstridige, ifølgje Sánchez.
I 110 av desse sakene har Anfi vunne i første instans, men kunden har anka og dermed er ikkje dommen rettskraftig.
Medvind i Timeshare-industrien
Ikkje alle let seg skremma av dei mange historiane om timeshare- og ferieklubbsvindel. Etterspurnaden er så stor at både Anfi Gruppen og andre i timeshare-bransjen på Gran Canaria ekspanderer. Biletet viser delar av Anfi Tauro, som skal stå ferdig i 2025.
Foto: Gunn Evy Auestad / NRKTrass i sitt frynsete rykte, ser timeshare og ferieklubb ut til å vera i vinden. Både svindelskulda Club Puerto Atlántico og Anfi del Mar melder om ein etterspurnad som er langt større enn tilbodet. No ekspanderer begge to med nye luksuriøse anlegg i Tauro-dalen på Gran Canaria.
I tillegg finst det fleire andre timeshare- og ferieklubbaktørar på den vesle øya, som blant anna Holiday Club Finland og Atlantic Beach Club.
– Situasjonen er betre enn før for timeshare. Mange av dei useriøse aktørane har blitt luka vekk. Politiet og domstolane har fokus på å få bukt med svindlarane, fortel Sánchez ved Anfi.
Møter fordommar i Noreg
Anne Lene og Ove Holmaas brukar timeshare-medlemskapet sitt årleg her på ANfi del Mar på Gran Canaria.
Foto: Gunn Evy Auestad / NRKMedan Club Puerto Atlántico utvidar med 50 nye leilegheiter som også skal inngå i den utskjelte reiseklubben Lifestyle Holidays, byggjer Anfi eit anlegg med heile 13 hotell som etter planen skal stå ferdig i 2025. Kostnadsanslaget er på svimlande 500 millionar euro.
Skepsisen til timeshare sit likevel djupt hjå mange. Fleire av turistane NRK møter på i gatene og strendene i feriebyane Arguineguín og Puerto Rico ristar raskt på hovudet når dei får spørsmål om timeshare.
– Nei, det har me ikkje behov for å rota oss opp i, seier eit eldre par på spasertur langs sjøpromenaden.
Skepsis og fordommar er også årsaka til at familien Holmaas frå Os unnlét å snakka særleg høgt om investeringa si med kjendfolk heime i Norge - trass i sine gode erfaringar.
– Folk er så skeptiske til det og ser på timeshare som berre snusk og fanteri. Me tenkte sjølvsagt over at det har eit dårleg rykte før me kjøpte, men me har aldri følt det som snuskete, fortel Ove Holmaas.