Hopp til innhold

Macron meiner «hjernedød»-kommentar var ein vekkar

PARIS/OSLO (NRK) – Grunnlaget for Nato er framleis sterkt, sa generalsekretær Jens Stoltenberg etter møtet med Frankrikes president Emmanuel Macron, som har sagt at alliansen er i ferd med å bli hjernedød.

Jens Stoltenberg og Emmanuel Macron hilser etter pressekonferanse.

Nato-sjef Jens Stoltenberg (t.v.) møtte presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron, etter at Macron sa at Nato-alliansen var i ferd med å bli hjernedød.

Foto: BERTRAND GUAY

Frankrikes president Emmanuel Macron tok torsdag formiddag imot Nato sin generalsekretær Jens Stoltenberg ved Élyséepalasset i Paris.

  • Meld deg på ukesbrevet til Urix: Klikk her

Møtet vart halde i forkant av Nato sitt toppmøte i London neste veke, og det er venta at Stoltenberg vil bruke høvet til å konfrontere Macron med den omdiskuterte fråsegna han kom med i eit intervju med det britiske nyheitsmagasinet The Economist tidlegare i november.

Macron sa til The Economist at Nato-alliansen er i ferd med å bli «hjernedød».

Den franske presidenten underbygde påstanden med mangel på strategisk koordinering mellom Europa og USA internt i Nato. Vidare viste han til at Nato blir svekt av at Nato-medlemslandet Tyrkia nyleg gjekk til angrep på ein vestlegstøtta kurdisk milits som har leidd kampen mot IS i Syria.

Forsvarer Nato

Stoltenberg var raskt ute og forsvarte den 70 år gamle forsvarsalliansen mellom USA og Europa og sa han ville vende nasen mot Paris for å rydde opp med Macron.

– Eg trur det er den beste måten å ta tak i usemjer på, å setje oss ned og snakke om dei, for å fullt ut forstå beskjedane og motivasjonen bak dei, seier han.

På pressekonferansen etter møtet sa han at alliansen framleis står sterkt.

– Nato står framleis sterkt, og vi skal halde fram med å modernisere oss.

Kommentarane til Macron har sett eit sterkt preg på stemninga før Nato-toppmøtet, som går av stabelen i London 3. og 4. desember.

– Ein vekkar

Macron meiner det var på sin plass å kome med utsegna, og at han håper det skal føre til ei endring i alliansen.

– Kommentarane om at Nato var i ferd med å bli hjernedød var ein vekkar, sa han på pressekonferansen.

Han håper kommentaren kan bidra til at det komande Nato-toppmøtet i London neste veke kan handle om korleis alliansen kan utvikle seg vidare i framtida.

– Dei to siste toppmøta i Nato har nesten berre handla om kven som skal ta rekninga. Vi har ei plikt til ikkje å berre snakke om pengespørsmål, sa Macron.

– Vi treng Nato i denne usikre tida

Generalsekretær Jens Stoltenberg seier til NRK han og Macron er samde om at Europa treng eit sterkt Nato.

– Eit europeisk forsvarssamarbeid kan ikkje erstatte Nato. Freden i Europa er trygg når Nord-Amerika og Nato jobbar saman, seier han.

– Kva er dei største utfordringane for Nato nå?

– Vi lever i ei meir uforutsigbar tid. Ei usikker tid. Nettopp i ei usikker ting treng vi sterke internasjonale institusjonar som Nato, seier Stoltenberg.

SISTE NYTT

Siste nytt