Nokre spredte turistar i nisseluer og ei gruppe speidarar med trommer pregar plassen framfor fødselskyrkja i Betlehem. Men dei er færre enn til vanleg.
I byen der Jesus vart fødd for vel 2000 år sidan, set smittevernomsyn sitt klare preg på mylderet, eller fråværet av det.
Dei få turistane som likevel har funne vegen til byen, får ha den viktigaste serverdigheita omtrent for seg sjølve.
– Det er veldig rart, seier nederlandske Kristel Elayyan til nyheitsbyrået AFP.
Ho bur i Jerusalem saman med ektemannen som er palestinar, men julaftan plar ho ta turen til Betlehem.
Stort tap
Betlehem ligg på den okkuperte Vestbredden, ein mils veg sør for Jerusalem. I praksis er det derfor israelarane som kontrollerer tilstrøyminga til byen. Når grensene i tillegg er pandemi-stengde, slit dei som til vanleg lever av turistane.
– Før pandemien kom det folk hit frå mange forskjellige land for å feire jul, men nå reknar eg med at dei som er her, ikkje er turistar, seier Kristel Elayyan.
Fråværet av turistane var særs tydeleg i fjor då julefeiringa vart heilt avlyst. I år er byen litt livlegare, men framleis er den berre ei avglans av tidlegare års festivitetar.
– Viss det berre hadde vore for eitt år, hadde det jo vore ein interessant kontrast. Men vi veit ikkje kva framtida bringar, og for folk her er det eit enormt tap, seier ho.
Takkar vaksinen
Julehelga er den viktigaste dagen i året i Betlehem. Turistsjefen i byen, Rula Maayah, takkar vaksinane for at det i dei heile kjem folk til byen i år.
I eit normalår kjem det rundt 3 millionar turistar til Betlehem. Julehelga pleier det kome rundt 10.000 gjestar til hotella i byen. Rundt halvparten av dei er utanlandske.
I år har byen forsøkt å trekke til seg tilreisande frå meir nærliggjande område. Likevel står om lag ein firedel av hotellromma tomme, ifølgje Elias Arja, som er leiar for det palestinske hotellforbundet.
Framfor fødselskyrkja er det sett opp sperringar og politiet er synleg til stades. Frykta for terroråtak er stor. Berre små grupper slepp inn av gongen.
Nede i krypten under fødselskyrkja har ei lita gruppe pilegrimar samla seg.
Gaiden fortel om det som skal ha skjedd for vel 2000 år sidan.
Fødselskyrkja er ein av de eldste kyrkjene i verda som framleis er i bruk. Ho vart bygd på 300-talet over ei grotte som har vorte peika ut som fødestaden til Jesus. Grotta skal frå gamalt av ha vore nytta som stall for husdyr.
– Det er heilt uverkeleg, seier amerikanske Hudson Harder. 21-åringen frå Oklahoma studerer på det hebraiske universitetet i Jerusalem.
Han seier at sjølv om det er fantastisk å ha god plass, så er det trist med alle dei stengde småbutikkane og tanken på kor mykje pengar dei taper.
Stimla saman rundt patriark
Det einaste tilløpet til trengsel på julaftan skjedde då den romersk-katolske patriarken av Jerusalem viste seg på plassen på ettermiddagen. Han vart raskt omkransa av tilhengjarar.
Høgdepunktet i julefeiringa i byen er ei tradisjonell midnattsmesse som patriarken forrettar i hovudkyrkja.
Mange hadde og komme for å sjå palestinske speidarar opptre på plassen. Det er og ein fast tradisjon, og dei pregar lydbildet med trommene sine.
Kundane forsvann
Mange småbutikkar i byen har gitt opp og heldt dørene lukka fredag.
I ein av butikkane rundt Krybbetorget sel Victor Epiphane Tabash utskorne figurar i oliventre av pave Frans og Jesusbarnet i krybba.
I år er det 57. året han står bak disken. For han er jula trist.
– Det er ikkje noko å seie om jula. Det einaste som gir litt kjensle av liv er speidarane, seier han, idet dei marsjerer forbi medan dei spelar tradisjonelle julesongar på trompetar, trommer og sekkepiper.
Tabash har halde liv i verksemda si under pandemien takka vere eksport.
– Det er ingen kundar som kjem hit. Vi har klart oss gjennom intifadaen og krigar. Men koronaviruset er verre, seier han til AFP.