Hopp til innhold

Stigande dødstal etter IS-angrep i Bagdad

Dødstalet frå søndagens angrep mot eit travelt handelsområde i Iraks hovudstad har stige til 213, melder AFP. AP melder om 142, men situasjonen er endå uoversiktleg.

MIDEAST-CRISIS/IRAQ-BLAST

I SORG: Pårørande med ein av dei som blei drepen i sjølvmordsangrepet i Bagdad søndag.

Foto: ALAA AL-MARJANI / Reuters

– Lista over offer inkluderer heile familiar - far og søner, mor og døtre - heile familiar blei utsletta i denne eksplosjonen, sa eit medlem av sivilforsvaret til AFP.

Han sa at det vil ta dagar å få grave ut alle dei døde kroppane frå åstaden, som er totaløydelagd etter bomba og etterfølgjande brann.

Det var natt til søndag at ein lastebil full av eksplosivar blei detonert i ei travel handlegate. Mange var ute i gatene etter at sola var gått ned og fasta broten, berre dagar før høgtida som markerer slutten på fastemånaden, Id.

Tre dagars landesorg

Irak innleia måndag tre dagars landesorg etter angrepet, som er det dødelegaste hittil i år. IS har teke på seg skulda, og statsminister Haider al-Abadi sine talspersonar sa måndag at han vil straffe dei ansvarlege. Han har også bede om tiltak for å skjerpe tryggleiken i hovudstaden.

Mideast Iraq

MINNAR DEI DØDE: Folk tenner lys til minne om dei over 200 som blei drept i angrepet søndag.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Mange skuldar den svake regjeringa for mangelen på tryggleik, og sinte innbyggarar skal ha kasta stein mot statsministerens følge. Sjølv prøvde han å roe gemytta.

– Eg forstår at det er mykje kjensler og at handlingane var prega av tristheit og sinne, sa Abadi i ei fråsegn.

Eit åtak på sjiamuslimar

Angrepet kjem ei veke etter at irakiske tryggingsstyrker gjenerobra Fallujah frå den islamistiske terrorgruppa, rundt 50 km vest for Bagdad.

Sjølv om dette blir rekna som ein siger, er det slett ikkje fritt for komplikasjonar. I tillegg til dei materielle skadane på byen, og den humanitære krisa, har det vore frykta at sjiamilitsane som var viktige deltakarar i gjenerobringa skulle gå til åtak på sunnimuslimske innbyggarar i byen, som har blitt kjend som eit symbol på opprøret mot dei USA-leidde invasjonen.

Mideast Iraq

Sjiaslagord på veggen i nyleg gjenerobra Fallujah. Mange er uroa for spenningane mellom sjia- og sunnimuslimar her.

Foto: Karim Kadim / Ap

IS har mist kontrollen over mange område både i Irak og Syria, og i Irak er no Mosul den einaste store byen dei kontrollerer. Etter to år med eit fallande tal på angrep på hovudstaden, har dette auka dei siste månadene, i takt med at IS har mista kontroll over landområde.

Angrepet var retta mot eit sjiamuslimsk område. Dei sunnimuslimske ekstremistane i IS meiner at sjiamuslimane er vantru, og har mange gonger gått til angrep mot sjiamuslimske mål.

SISTE NYTT

Siste nytt