Hopp til innhold
Urix forklarer

Statskupp i Niger: Derfor er det fare for samanbrot

I ein afrikansk region med aukande terror og jihadistiske opprør, er verdssamfunnet uroa når nok ein demokratisk valt president blir avsett av militære.

Menn står på mur-veisperringar og held opp eit russisk flagg.

RUSSISK FLAGG: På torsdag kunne ein sjå tilhengarar av kuppet i gatene med det russiske flagget - som har blitt eit symbol på opposisjon i Afrika.

Foto: Sam Mednick / AP

– Kuppet i Niger er farleg for regionen, seier Frankrikes president Emmanuel Macron.

I den tidlegare franske kolonien Niger har den demokratisk valte presidenten, politikaren Mohamed Bazoum, blitt avsett - og makta ligg no hos militære offiserar.

Sjølv seier dei at dei ønsker å stoppe Bazoum sitt regime, og har innsett general Abdourahamane Tchiani som ny leiar.

Det er innført nasjonalt portforbod, det er ulovleg å demonstrere og å reise inn og ut av landet, og det er ulovleg med politiske parti.

På eit døgn falt demokratiet.

Dette er det fjerde statskuppet sidan Niger blei eit sjølvstendig land i 1960, etter å ha vore fransk koloni i over 30 år.

Tilhengarar av kuppet har sett fyr på hovudkvarteret til regjeringspartiet og hengt opp russisk og nigersk flagg i hovudstaden.

Andre demonstrantar bar plakatar der det stod «ned med Frankrike» og «utanlandske basar ut» på.

Framfor eit monument (utan merke eller logo) er Niger sitt flagg hengt opp over eit russisk flagg kor det står "Russie vive"

Eit russisk og eit nigersk flagg hengt opp utanfor nasjonalforsamlinga i hovudstaden Niamey.

Foto: Balima Boureima / Reuters

Auke i terror

For å forstå kvifor, må vi sjå bakover i tid.

Over Afrika ligg Sahel-beltet, som strekk seg frå Atlanterhavet og Mauritania i vest, til Raudehavet og Eritrea i aust.

FNs generalsekretær António Guterres viser til ein dramatisk auke i terrorrelatert aktivitet i Mali, Burkina Faso og Niger:

– Det kjem nærare og nærare kysten, sa FNs generalsekretær António Guterres om situasjonen i Niger.

Dei siste to åra har det vore statskupp i nabolanda Burkina Faso og Mali, som no begge blir leia av militærjuntaar.

Flyktninghjelpen kallar Sahel for «verdas mest konfliktfylte og neglisjerte region».

Flyktninghjelpen kallar Sahel for «verdas mest konfliktfylte og neglisjerte region».

Foto: Flyktninghjelpen

Landa i Sahel har i lang tid slite med jihadistar, opprør og massakrar.

Sjølv om hjelpeorganisasjonar og FNs fredsbevarande styrkar har vore til stades i regionen i over 10 år, har terroren og spenningane berre auka.

Flyktninghjelpen kallar Sahel for «verdas mest konfliktfylte og neglisjerte region».

Då militæroffiseren Assimi Goïta kom til makta i Mali i 2021, fekk FNs fredsbevarande styrkar ordre om å forlate landet.

Etter statskuppet i Niger, fryktar ein at det same som skjedde i Mali og Burkina Faso, vil skje her.

Morten Bøås, seniorforskar i Nupi, seier at Niger difor er eit av dei vanskelegaste landa i verda å operere i:

– Det er ein reell fare for eit større regionalt samanbrot, seier han.

Eit bilete tatt frå TV. Menn i militæruniformer står oppstilt. Framfor dei sitt ein millitæroberst med knall blå uniform, med ein mikrofon framfor seg. Dei ser alvorlege ut.

Med oberst-major Amadou Abdramane i front, gjekk kuppmakarar direkte på TV onsdag kveld.

Foto: AFP

Russland i Afrika

Den afrikanske union, Det vestafrikanske økonomiske fellesskapet, EU, FN, USA og Frankrike er blant dei som har fordømt kuppet.

Samtidig som at Niger opplever sitt fjerde statskupp, har Russlands president Vladimir Putin invitert afrikanske leiarar til St. Petersburg - og tilbyr tonnevis av korn i gåve.

Burkina Faso, Zimbabwe, Mali, Somalia, Den sentralafrikanske republikk og Eritrea har fått tilbod om å få mellom 25.000 og 50.000 tonn korn i løpet av dei neste månadane.

Og Russland har allereie etablert seg ulike stader på det afrikanske kontinentet:

– Russarane, gjennom Wagner-gruppa, har skaffa seg fotfeste i Den sentralafrikanske republikk og Mali, seier Bøås i Nupi.

Russland skal også ha levert ammunisjon og militært utstyr til militærstyret i Mali.

Russlands president Vladimir Putin og Mosambiks president Filipe Nyusi handhelser framfor afrikanske leiarar. Mellom dei står Ibrahim Traore i militæruniform og rød berret og smiler. Resten har på dress.

Mosambiks president Filipe Nyusi og Russlands president Vladimir Putin tar kvarandre i hendene på det russisk-afrikanske toppmøtet i St. Petersburg.

Foto: Alexei Danichev / AP

Eit symbol på opposisjon

– Kvifor ser vi no bilete av russiske flagg i gatene i Niger?

– Vi skal vere forsiktige med å tolke bileta som ei støtte til Russland. Det er ein liten gjeng på gata som går med russiske flagg, og desse blir tatt bilete av, seier Bøås.

– Det russiske flagget har heller blitt eit symbol på motstand mot Frankrike, ein motstand som finst i den ungdomslege delen av folket. Det er ei ny bølge av afrikansk ungdomleg patriotisme som sveiper over kontinentet.

Ifølge Bøås handlar det også om at dette er tidlegare franske koloniar, og at det har smitta over frå naboland som har brukt russiske flagg for å vise opposisjon.

I Dagsnytt 18 torsdag kveld forklarte Bøås at det ikkje er usannsynleg at kuppmakarane likevel kan sjå mot Russland for potensielle samarbeid:

– Viss dei lukkast, kan dei kjenne seg tvungne til å vende seg mot Moskva, fordi vi fordømmer jo dei. Ringer dei Putin, vil nok ikkje han fordømme dei. Han vil nok ønske dei velkomne.

Meir om Wagner sitt nærvær i Afrika:

Les også Wagners afrikanske eventyr

Wagner-soldater boarder et transportfly i Mali

Eit ettertrakta land

Niger er eit viktig land for Vesten av fleire grunnar.

Landet er også eit av få i Sahel-regionen som er nær alliert av Vesten i kampen mot terror.

I tillegg er Niger ei kjent migrantrute frå Afrika til Europa. EU har ein avtale med Niger, og ein fryktar at det kan kome ein større flyktningstraum viss kuppmakarane tek makta for godt. Då risikerer ein at millionar av menneske må reise ei farleg reiserute.

Niger er også rikt på naturressursar, som uran. Halvparten av Frankrike sitt uran-forbruk, som dei bruker til elektrisitet, får dei frå Niger.

Svart røyk fyller eit område. Mange menneske er ute på noko som kan likne på eit torg. Det er flammar lengst bak i biletet, bak menneska. Fire hender stikk opp foran kamera, Tre av dei viser fram to fingre, kanskje "peace-teiknet".

Hovudkvarteret til regjeringspartiet ligg i skuggen av svart røyk og flammar.

Foto: Fatahoulaye Hassane Midou / AP

Noreg i Sahel

USA har sidan 2005 arrangert antiterror-øvingar i Sahel-regionen - kvart år i eit nytt land. Militærøvingane blir kalla «Flintlock». Sidan 2014 har Noreg fleire gonger bidratt med å trene opp afrikanske sikkerheitsstyrkar og militære leiarar, mellom anna i Burkina Faso og i Niger.

Noreg har også ein eigen Sahel-strategi, som skal fremme sikkerheit og vern for menneska der, fred, menneskerettar og konfliktløysing.

Elles bidrar Noreg med hjelpearbeid gjennom hjelpeorganisasjonar.

Care Norge har bidratt med hjelpearbeid i Niger sidan 1974, men har no valt å sette arbeidet på pause. Det same har FN.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.