Hopp til innhold

Startar etterforsking av Navalnyj-bror

Oleg Navalnyj har i mange år vore aktiv i opposisjonen saman med bror sin. Det er førebels uklart kva han er skulda for.

Den russiske opposisjonspolitikeren Aleksej Navalnyj (t.h.) og hans bror Oleg i retten

Den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj (t.h.) og bror hans, Oleg i retten.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

Det er det russiske nyheitsbyrået Tass som melder at han er ettersøkt. Oleg Navalnyj oppheld seg utanfor Russland.

Også i januar 2022 blei Oleg Navalnyj ettersøkt. Han blei ført opp på det russiske innanriksdepartementet si liste over ettersøkte, utan at årsaka til dette var oppgitt.

Året før blei han dømd til eitt års fengsel på vilkår for brot på koronareglane. Saman med fleire andre opposisjonelle var han tiltalt for å ha oppfordra folk til å delta på ein demonstrasjon i januar 2021 til støtte for broren.

Seinare blei dommen gjort om til fengsel utan vilkår, og styresmaktene grunngav dette med at han hadde brote meldeplikta.

Julia Navalnaja, kona til Aleksej Navalnyj, seier at Putin drap mannen hennar. Ho seier ho vil halda fram med å kjempa kampen hans om eit fritt Russland.

Julia Navalnaja, kona til Aleksej Navalnyj,

Foto: @yulia_navalnaya / X

Fjerna frå X

Tysdag blei det også kjent at X, tidlegare Twitter, sperra kontoen til Julia Navalnaja. «X sperrar kontoar som bryt med X sine reglar», heitte det i ei fråsegn frå det sosiale mediet.

Etter rundt 20 minutt var kontoen aktiv igjen. X seier at dei gjorde ein feil då dei stengde kontoen.

Kona til Aleksej Navalnyj la måndag ut ein video på plattforma der ho hevdar at Putin drap mannen.

– Dei har forgifta han med nervegifta Novitsjok og ventar med å frigje liket til gifta er ute av kroppen hans, sa ho.

Tysdag kommenterte russiske styresmakter påstandane om drap. Ifølgje AFP avviste dei påstandane som «grunnlause og vulgære».

Julia Navalnyjs konto på X er stengt.
Faksimile: X.com

Ber om uavhengig etterforsking

Aleksej Nalvanyj blei meldt død fredag. Då kunngjorde fengselsstyresmaktene i Jamal-Nenets, der Navalnyj var fengsla, at den kjende opposisjonspolitikaren hadde mista livet under ein spasertur.

Dagen før var 47-åringen tilsynelatande i fin form og spøkte og lo via ei videooverføring i eit rettsmøte.

Russiske styresmakter sa fredag at dei ikkje har informasjon om dødsårsaka, men at dødsfallet blir undersøkt av fengselsstyresmaktene.

Kritikk mot krigen i sosiale medier gjorde at Olesia havnet på Vladimir Putins terrorliste. Det koster å trosse Russlands mektige mann. Programleder er Eline Buvarp Aardal.

Kritikk mot krigen i sosiale medium gjorde at Olesia hamna på Vladimir Putins terrorliste. Det kostar å trosse Russlands mektige mann. Programleiar er Eline Buvarp Aardal.

No ber norske styresmakter om at Russland legg til rette for ei open og uavhengig etterforsking av dødsfallet.

Utanriksdepartementet hadde tysdag ein samtale med den russiske ambassadøren til Noreg, Tejmuraz Ramisjivili. I UD møtte han ekspedisjonssjefen for tryggingspolitikk og nordområda.

Ifølgje UD blei det formidla at «russiske styresmakter har det heile og fulle ansvaret for Aleksej Navalnyjs død».

Aleksej Navalnyj i retten i Moskva i september 2018.

Aleksej Navalnyj i retten i Moskva i september 2018.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Også ei rekkje andre europeiske land har kalla inn russiske ambassadørar kjølvatnet av Navalnyjs dødsfall.

– Lat meg få sjå sonen min

Det er høgst uklart kva som har skjedd med leivningane av Navalnyj. I ein video som er publisert tysdag vender Navalnyj si mor, Ljudmila Navalnaja seg direkte til president Vladimir Putin.

I klippet ber ho blant anna om at Navalnyj sitt lik blir overlevert til familien.

– Lat meg få sjå sonen min, seier ho.

Også meir enn 60.000 menneske stiller seg bak eit krav om at russiske styresmakter må overlevere liket til familien hans.

Dei har kontakta den nasjonale etterforskingskomiteen etter ei oppfordring frå menneskerettsorganisasjonen OVD-Info, skriv avisa Novaja Gazeta.

SISTE NYTT

Siste nytt