Hopp til innhold

Spekulasjonar kring Osama sin død

Manglande biletebevis på drapet av Osama bin Laden, og at liket umiddelbart vart dumpa i sjøen, har fått spekulasjonene til å rulle.

Jay Carney

TILBAKEHALDEN: Barack Obama sin pressetalsmann, James Carney, var under pressekonferansen i går tilbakehalden med informasjon om Osama-drapet.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

– Når liket vart dumpa i sjøen, står ingenting att utanom ordet til den amerikanske regjeringa. Den same regjeringa som laug om at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, seier tidlegare Wall Street Journal-redaktør Paul Craig Roberts.

I kjølvatnet av Osama-drapet på søndag, har dei amerikanske styresmaktene blitt kritiserte for den sparsommelege informasjonen som er gitt.

Det har blant anna ført til at rykte og spekulasjonar har florert i pakistansk media .

Mangelen på biletebevis og motstridande opplysningar har helt bensin på bålet til dei som frå før er skeptiske til utsegn frå amerikanske styresmakter.

Allereie etter tre dagar har konspirasjonsteoriane begynt å spreie seg.

Trur regjeringa lyg

Ein av dei som er kritiske til styresmaktene si offisielle historie er Paul Craig Roberts, som var visefinansminister under Ronald Reagan og tidlegare redaktør for Wall Street Journal. Han meiner Obama ville gi det amerikanske folket ein kjensle av krigssiger for å ta merksemda vekk frå den elendige økonomien.

James Corbett er redaktør for det uavhengige nyheitsprogrammet The Corbett Report, og seier til fjernsynskanalen Russia Today at han trur Osama bin Laden har vore død i lang tid.

– Osama har blitt erklært død totalt 9 gonger tidlegare, så eg ser ingen grunn til at me skal ta denne informasjonen meir seriøst enn dei tidlegare annonseringane. Spesielt med tanke på at det ikkje eksisterer eit einaste bevis, seier Corbett til tv-kanalen.

Cindy Sheehan

SKEPTISK: Antikrigs-aktivisten Cindy Sheehan trur ikkje på den offisielle historia. Her frå utdelinga av Erik Bye sin minnepris.

Foto: Einar Kleveland / NRK

Den kjende antikrigs-aktivisten i USA, Cindy Sheehan, trur heller ikkje på at Osama bin Laden vart drepen på søndag.

– Folk er dumme viss dei trur på nyhenda om Osama. Dei paraderte gatene med lika til sønene til Saddam Hussein for å bevise at dei var døde. Samtidig kvittar dei seg med Osama bin Laden i sjøen så kjapt som mogleg, seier Sheehan til det amerikanske tidsskriftet National Review.

Stor fallhøgde

Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for Journalistikk

SKAPAR UTFORDRINGAR: Gunnar Bodahl-Johansen meiner mangelen på informasjon gjer det vanskeleg å skape ein nøytral framstilling av saka.

Foto: Lotte Olsen/NRK

Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for Journalistikk seier til NRK.no at det alltid vil vere rom for ulike tolkningar når det ein slik som i denne saka berre har éin kjelde å forhalde seg til.

– Når ingen kan stadfestar styresmaktene sin offisielle versjon, vil det alltid oppstå spekulasjonar.

Bodahl-Johansen seier at fallhøgda for USA vil vere enorm dersom dei offisielle utsegna viser seg å ikkje vere sanne.

– Korleis kan USA tene på å ikkje gje ut nok informasjon som beviser saka?

– I utgangspunktet vil størst mogleg openheit og mest mogleg informasjon alltid styrke truverdet til USA. Likevel fins det omsyn ein må ta som gjer at ein kan velje å vere tilbakehalden med informasjon. Bileta av ein død Osama bin Laden kan virke opprørande og støytande på grupper som USA ikkje ønskjer å utfordre no. Det vil vere lettare å publisere bileta seinare.

Den erfarne mediekjennaren seier at journalistar står overfor store utfordringar når dei skal angripe Osama-saken, der berre den offisielle versjonen av saka er tilgjengeleg. Han meiner det er viktig å hugse på at det er sterke politiske interesser i biletet.

– USA er i dette tilfellet ei kjelde som har store interesser å ivareta. Informasjonen dei gir ut er tilpassa eit overordna mål om å fremme USA sine interesser, og presidenten sine interesser. Det er viktig å hugse på at Obama snart står overfor eit nytt presidentval.

Samtidig meiner Bodahl-Johansen at politikarane også har eit truverd å ivareta. Dette er med på å skape balanse i saka, meiner han.

Kommandørkaptein Ola Bøe Hansen ved Forsvarets Stabskole meiner det er heilt naturleg og uproblematisk at styresmaktene endrar forklaringa si etterkvart.

– Heile verdssamfunnet kravde innsyn med ein gong, men under og like etter denne typen operasjonar er alt veldig uoversiktleg, seier Hansen.

Erklært død tidlegare

Mykje av skepsisen mot historia til dei amerikanske styresmaktene har truleg samanheng med at det har gått svært mange rykte om Osama sin død i løpet av dei 10 åra han har vore ettersøkt.

Allereie i 2002 uttalte leiaren for antiterror-gruppa i FBI, Dale Watson, at han var overbevist om at Osama bin Laden ikkje lenger var i live.

I 2005 uttalte den amerikanske senatoren Harry Reid at bin Laden mest sannsynlegvis hadde døydd i det store jordskjelvet som det året herja Pakistan.

Fransk tryggingsteneste gjekk i september 2006 ut med informasjon om at bin Laden døydde av sjukdom i Pakistan same året.

Tidlegare statsminister i Pakistan, Benazir Bhutto, sa i 2007 på tv-kanalen Al-Jazeera at Osama bin Laden vart drepen av terroristen Omar Sheikh.

SISTE NYTT

Siste nytt