Hopp til innhold

Sovande pilgrimar døydde etter påkøyrsle

Minst 18 menneske omkom då føraren av ein lastebil mista kontrollen og køyrde over ei gruppe sovande muslimske pilgrimar i India.

Trafikkulukke i India

Sandalane til pilegrimane som omkom etter ei tragisk lastebil-påkøyrsle ligg framleis att på åstaden.

Foto: Ajit Solanki / Ap

Tragedien skjedde torsdag, etter at pilegrimane hadde lagt seg til å sova ved ein typisk indisk te-kiosk nær ein hovudveg i delstaten Gujarat.

Ni av dei døde er kvinner, og i tillegg til de omkomne er sju menneske kritisk skadde.

Flest trafikkulukker i verda

Pilegrimar påkøyrde i India

Ein av pilegrimane som kom frå påkøyrsla i live blir frakta til sjukehuset i Ahmedabad.

Foto: SAM PANTHAKY / Afp

– Pilegrimane reiste til fots. Det ser ut som føraren av lastebilen mista kontrollen over køyretøyet, seier politimannen Bhikhu Singh.

Dei muslimske pilegrimane var på veg til ein heilagdom i landsbyen Bhadiyad då ulukka skjedde. Det er vanleg at pilegrimsferdene blir gjennomførde til fots, og det er vanleg at dei valfartande kviler seg nær grøftekantane.

India er det landet i verda med flest trafikkulukker. Ifølgje nettavisa Jakarta Post døyr meir enn 110.000 personar kvart år i ulukker på indiske vegar, som følgje av fartsoverskriding, overfylte bilar og bussar og på grunn av køyretøy og vegar i dårleg fatning.

SISTE NYTT

Siste nytt