Hopp til innhold

Soldatar kun på papiret

Afghanske styrker slit med å manne frontlinene i kampen mot Taliban, delvis grunna eit ukjend tal såkalla «spøkelsessoldatar» – soldatar som får løn, men som ikkje deltek i felt.

APTOPIX Afghanistan Daily Life

Også døde soldatar er blant spøkelsessoldatane – løn vert framleis utbetalt i deira namn, men det er sjefane som sit att med pengane. Her frå ein gravplass utanfor Kabul.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Problemet eksisterer i heile landet, men har vore ekstra alvorleg i den sørlege Helmand-provinsen, kor Taliban har teke store område sidan USA og Nato offisielt enda sitt oppdrag for eit år sidan. Dei er framleis til stades for å lære opp lokale styrker og politi.

– Rundt 40 prosent av styrkane eksisterer ikkje

– På kontrollstasjonar der det skulle ha vore 20 soldatar til stades er der berre åtte eller ti, seier Karim Atal, sjef for regionrådet i Helmand, til nyheitsbyrået Ap.

– Det er fordi nokre får løn utan å gjere jobben, fordi dei er i slekt med viktige folk, til dømes lokale krigsherrar.

I nokre tilfelle er spøkelsesnemninga meir treffande – døde politi og soldatar blir på løningslistene, og sjefane stikk unna pengane utan å erstatte dei, fortel Atal.

Han anslår at rundt 40 prosent av dei registrerte styrkane ikkje eksisterer, og understrekar at dette gjer situasjonen farlegare for dei som faktisk deltek. I løpet av dei siste tre månadene har rundt 700 politimenn vorte drepne, og 500 skadde, ifølge Atal. Også talet på drepne afghanske soldatar skal ha gått opp 28 prosent frå 2014 til 2015 ifølge tal frå Nato.

CHRISTMAS-SEASON/ NATO troops have dinner during Christmas celebrations in Kabul, Afghanistan

Sjølv om Nato avslutta sine kampoperasjonar i landet i 2014, er framleis 13.000 soldatar att i landet, for å trene og hjelpe dei lokale styrkane. Her frå julefeiring på ein base i Kabul.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Regionens tidlegare visepolitisjef, Pacha Gul Bakhtiar, seier at 31.000 politimenn er registrerte i regionen, men at det i verkelegheita ikkje er på langt nær så mange.

Massiv korrupsjon

Forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere stoda med spøkelsessoldatane, men Sediq Sediqqi, talsmann for innanriksministeren, anerkjenner problemet og seier at ei etterforsking er i gang, utan å kome med fleire detaljar.

Ghulam Hussain Nasiri, ein afghansk politikar, seier at regjeringa ignorerer problemet.

– Når vi seier vi har 100 soldatar på bakken, har vi i verkelegheita berre 30 eller 40. Dette får katastrofale konsekvensar når fienden angrip, seier han til AP.

– Det antydar massiv korrupsjon, legg han til.

Ifølge Transparency International er Afghanistan eit av verdas mest korrupte land.

Dei afghanske tryggingsstyrkene er finansiert ved hjelp av internasjonal bistand, rundt 5 milliardar dollar årleg, det meste kjem frå USA.

USAs generalinspektør for gjenoppbygging i Afghanistan, John Sopko, har også peika på at tala på tilsette i hæren og politiet umogleg kan stemme.

Møte i Pakistan om fredsprosessen

Snart 15 år etter at USA invaderte landet og dreiv Taliban frå makta er opprørsgruppa på langt nær overvunne.

Afghanistan, Pakistan, Kina og USA møtast i Islamabad måndag for å starte samtaler med mål om å få fart på fredsprosessen i Afghanistan måndag, men Taliban kjem truleg ikkje til å ta del i samtalane.

Afghanistan Ashraf Ghani

Afghanistans president Ashraf Ghani er håpefull før måndagens møte i Pakistan. Her talar presidenten for landet som ligg på 172.plass på Transparency International sitt korrupsjonsindeks (175 er dårlegaste plasseringa) på ein antikorrupsjonskonferanse.

Foto: Massoud Hossaini / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.