NRK Meny
Normal

Slik skal Portugal lokke rikingar

Etter ein periode med økonomisk krise og dårlege tider har Portugal endra skattesystemet for å få velståande nordmenn og andre nordeuropearar til å flytte til landet.

Charge de Affairs ved den portugisiske ambassaden i Oslo, Manuel Gomes Samuel.

– Portugal er svært attraktivt for nordmenn, seier Manuel Gomes Samuel, Charge de Affaires ved Portugals ambassade i Oslo.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

– Portugal har vore litt på sidelina sidan 2008, då også vi vart ramma av den økonomiske krisa. Men no ser alt betre ut, og vi har funne ut at tida er inne til igjen å promotere Portugal, og spesielt Algarvekysten, seier Charge de Affaires ved den portugisiske ambassaden i Oslo, Manuel Gomes Samuel, til NRK.no.

Han fungerer som dagleg leiar for ambassaden fram til den nye kvinnelege ambassadøren kjem til Oslo i mai.

LES OGSÅ: Nordmann skeptisk til portugisiske skattelovnader

– Attraktivt for nordmenn

Manuel Gomes Samuel meiner Portugal bør vere ein attraktiv marknad for nordmenn. Og det er ikkje naudsynt å vere rik for å kjøpe eigedom i Portugal, legg han til.

I tillegg til godt flysamband, gode skattevilkår, klimaet og prisane, kan portugisiske styresmakter love at det har blitt langt enklare enn tidlegare å kjøpe eigedom i landet. Det skal også bli langt enklare for dei som vil starte bedrifter i Portugal, og all saksbehandling skal gå fortare enn før.

Vinmarker i Douro-dalen i Portugal.

Portugal har også ein betydeleg vinproduksjon. Her frå Douro-dalen.

Foto: SUZANNE MUSTACICH / Afp

– Det skal vere ein enkel prosess, seier Gomes Samuel. Det blir mykje mindre papirarbeid, og prosessen skal ta kortare tid enn tidlegare. Og alle skal kjenne seg velkomne i Portugal, det skal liggje i botnen, seier han.

Alt om å vere utlending i Portugal

Omfattande kampanje

Det er sett i verk ei omfattande kampanje i fleire europeiske land for å få folk til å kome til Portugal både som turistar, fastbuande og som næringsdrivande. Kampanjen rettar seg ikkje så mykje mot nordmenn, og det har mykje med at Portugal ikkje lenger har eit turistkontor i Oslo.

Det vart nedlagt etter at Innovasjon Noreg la ned sitt kontor i Portugal, fortel Gomes Samuel. – Dette er politikk, og nedlegginga i Oslo var nok eit takk for sist til norske styresmakter, seier ambassadørvikaren.

Det nye skatteregimet rettar seg direkte mot menneske som kjøper seg eigedom i Portugal og bur der delar av året. Målet er å gjere Portugal til Europas Florida, og kanskje ta hegemoniet frå nabolandet Spania på dette området.

Dei fleste nordmenn som vil bruke vinteren i varmare strøk, har tradisjonelt valt seg Spania. Mange nordmenn har likevel busett seg i Portugal dei siste åra, men talet er lite i forhold til kor mange som faktisk bur i Spania.

Flat skatt

No tilbyr Portugal utlendingar null skatt på alle inntekter som er opptente i utlandet, det vere seg trygd, kapitalinntekter eller andre inntekter, i ti år. For alle inntekter opptente i Portugal blir det ein flat skatt på 20 prosent.

Vilkåret for å kome inn under denne ordninga er å opphalde seg i Portugal minst 183 dagar i året, eller at bustaden i Portugal blir klassifisert som hovudbustad.

Portugal er også interessert i å tiltrekkje seg velutdanna utlendingar som kan jobbe i landet eller skape nye arbeidsplassar i landet..

– Absolutt konkurransedyktig

Manuel Gomes Samuel er ikkje i tvil om at Portugal kan konkurrere med både Spania, Hellas og Frankrike på alle område. Han nemner blant anna at det faktisk er kortare flytid til Portugal enn til Spania og Hellas, og det er mykje rolegare og meir stabilt politisk.

I tillegg kjem flotte strender, mange nye golfbaner og stadig fleire femstjerners hotell. Og så er det maten og vinen. Og det er ikkje berre fastlandet, øyane Madeira og øygruppa Asorane har også mykje å by på.

Og til dei som fryktar at det er for kaldt om vinteren i Portugal, så har vikaren svar på det også. Algarvekysten er faktisk heilt i toppen når det gjeld soltimar i året, og at temperaturen på dagtid om vinteren gjerne ligg på 19 til 20 grader.

Lite norsk miljø

Visekonsul for Noreg på Algarvekysten, Marianne Vikre, seier til NRK.no at dei ikkje har eit eksakt tal på kor mange nordmenn som oppheld seg i området om vinteren. Ho tippar talet ligg på rundt 600.

Talet har auka kraftig etter at Noreg og Portugal inngjekk ein avtale i fjor om at nordmenn som flyttar til Portugal, slepp å betale skatt til Noreg dei første ti åra av opphaldet. Då må dei vere busette i Portugal mesteparten av året, og ikkje ha heilårshus i Noreg.

Marianne Vigre, som har budd i Portugal i 40 år, fortel at dei fleste nordmenn som flyttar til Portugal er pensjonistar. Som vanleg på stader der mange nordmenn er samla er det kvart år stor 17. mai-feiring. Den skandinaviske klubben Carpe Diem Algarve er aktiv frå september til juni.

Visekonsulen skryt også av klimaet, og ho fortel at det ofte er 5–6 grader varmare på Algarvekysten om vinteren enn i hovudstaden Lisboa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt