NRK Meny
Normal

Nordmann skeptisk til portugisiske skattelovnader

Bjarne Wærdahl har hatt eigedom i Portugal i 15 år. Han oppmodar til all mogleg skepsis til dei nye portugisiske skattereglane for utlendingar.

Bjarne Wærdahl på quintaen sin i Portugal.

Quinta Soria Moria er namnet på eigedomen til Bjarne Wærdahl på den austlege delen av Algarvekysten.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg har sjølv hatt ei skattesak gåande i Portugal. Og mi erfaring er at dei som jobbar i skattevesenet der er like rigide som dei er andre stader. Eg vil vere veldig skeptisk til denne typen skattefrieri, seier Wærdahl til NRK.no.

Han dreiv tidlegare eit selskap innan reiseliv som spesialiserte seg på turar til Portugal. Årsaka til konflikten med det portugisiske skattevesenet var at dei nekta å godta norske bilag som frådrag. Det er ikkje automatikk i at bilag som er godkjende etter norsk lov er godkjende etter portugisisk liv.

– Lite medgjerlege

Bjarne Wærdahl på quintaen sin i Portugal.

Bjarne Wærdahl trivst godt i Portugal, men har dårlege erfaringar med det lokale skattevesenet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg opplevde dei som lite medgjerlege, og bevisbyrda var heile tida på mi side. Dersom ein ikkje betalar, så truar dei med tvangssal av eigedom og fengsel, seier han.

Wærdahl, som er busett i Ulsteinvik i Møre og Romsdal, seier at få har ressursar til å ta opp kampen mot skattestyresmaktene.

– Advokaten min seier at skatteinspektørane får prosentar av det dei greier å drive inn. Eg veit ikkje om det er sant, men det seier han i alle fall, seier han.

Men problem med skattestyresmaktene har ikkje fått Bjarne Wærdahl til å snu ryggen til Portugal. Han har framleis eigedomen sin der, Quinta Soria Moria, og han er full av ros om både landet og folket.

– Betre enn Spania

I forhold til nabolandet Spania er han ikkje tvil om at han trivst best i Portugal, både klimamessig og elles. Og han veit kva han snakkar om, for han har eigedom også på Costa del Sol i Spania.

– Portugisarane er veldig varme og koselege menneske. Dei er mindre arrogante enn spanjolane, og det er langt mindre kriminalitet der. I Spania har vi gitter framfor vindauga, det er ikkje naudsynt i Portugal, seier han.

Eigedomen til Wærdahl i Portugal ligg på den austlege delen av Algarvekysten. Då familien kjøpte quintaen (gardsbruket) sitt der for 15 år sidan var det nesten ikkje nordmenn der. Så har det vorte gradvis fleire, og i dag er det eit lite norsk miljø på Algarvekysten.

Facebook-sida til Den norske klubben i Portugal har vel 200 medlemer.

Flest engelskmenn

Tradisjonelt har det vore fleste engelske som overvintrar på Algarvekysten, men dei siste åra har det kome mange frå Tyskland, Nederland og Irland.

Ein ny trend, fortel han, er at det britiske pundet har blitt så svakt i forhold til euroen, at mange engelskmenn har valt å flytte heim. Den britiske pensjonen har for mange blitt for lite verd til å overleve på i Portugal.

Den økonomiske krisa har ramma også Portugal hardt, men likevel ikkje så hardt som nabolandet Spania, fortel Wærdahl. Og han er ikkje i tvil om at Portugal er eit svært godt alternativ for nordmenn som vil bort frå den norske vinteren.

Det er mogleg å finne seg svært billege hus i Portugal, seier han, men luksus kostar ikkje noko mindre der enn andre stader.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt