Hopp til innhold

Slik ramma tsunamien Kesennuma

Dette er dei første bileta som vart tekne då tsunamien ramma den japanske byen Kesennuma i i går.

Video Slik ramma tsusnamien Kensennuma

VIDEO: Sjå dramatikken då tsunamien ramma Kesennuma.

Dei massive bølgjene slo inn over byen kort tid etter det kraftige jordskjelvet. Store båtar vart førde inn i bygatene, der dei saman med fleire hundre bilar flaut i stor fart gjennom gatene i den hardt ramma byen.

Det bur 74.000 menneske i byen, og minst ein tredel av det bebygde området står under vatn. I går kveld lokal tid var det mange kraftige brannar i byen. Kesennuma ligg ikkje langtå frå millionbyen Sendai, som også er sterkt øydelagd av katastrofen.

Ordførar Shiego Sugawara seier at enorme område er skylde vekk i byen.

Det er uklart kor mange menneske som har mist livet i Kesenumma, til det er det altfor tidleg. Det er heller ingen oversikt over skadde og sakna. Men redningsarbeidet har kome i gang, og i dag er fleire menneske heist opp frå tak av øydelagde hus. Sjå videoen under.

Video Dramatisk redning med helikopter

VIDEO. Sjå den dramatiske redningsaksjonen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Involvert i flere sikkerhetsskandaler

LES OGSÅ: – Verste hendelsen siden Tsjernobyl

LES OGSÅ: Norge ser alvorlig på atomulykke

LES OGSÅ: To studenter fortsatt savnet i Japan

SISTE NYTT

Siste nytt