Hopp til innhold
Urix forklarer

Slik kom Nobelkomiteen fram til årets vinnar

«#Metoo» og «fake news» er tidas nyord – men om dei har relevans for årets fredspris, veit berre Nobelkomiteen.

Nobelkomitéen møtes

KOMITEEN: Nobelkomitéens medlemmer: F.v.: Olav Njølstad (sekretær), Asle Toje, Anne Enger, Thorbjørn Jagland, Henrik Syse og Berit Reiss-Andersen

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Når døra går opp klokka 11 og Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen trer inn i blitz-regnet, er verdas håpefulle på tå hev.

Vinnaren kan ha fått eit lite vink, men ikkje alltid.

Komiteen ønskjer å adressere dei store tema i samtida. Fjorårets pris til kampen mot atomvåpen kom då ordkrigen mellom presidentane i atommaktene USA og Nord-Korea var på sitt heftigaste.

Sidan har utviklinga på Korea-halvøya gått i riktig retning. Med tøvær og gryande gjensidig tillit. Det kan være verd ein pris. Eller meiner komiteen det er for tidleg?

Nobelåret

Kunngjeringa av fredsprisen i Nobelinstituttet er konklusjonen på ein prosess som har vart nesten eitt år. Og som inkluderer Nobelkomiteen, forskarar, ekspertar og konsulentar frå inn- og utland.

Fristen for å nominere går ut allereie 1. februar.

Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte rundt 1. mars. Ingen som då ikkje står på lista, kan få prisen.

Parlamentsmedlemmer og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, tidlegare prisvinnarar, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere.

Finaleheatet

Nobelkomiteens medlemmar møtest ein handfull gongar på begge sider av sommaren. Gjennom våren blir lista over aktuelle kandidatar redusert til under ti. Den sokalla kortlista.

Det er dette som er finaleheatet, det er desse som gjennomgår den grundigaste vurderinga. Av Nobelinstituttets eigne folk og av innleigde konsulentar.

Avgjerda fell på i eitt av komiteens møter over sommaren. Alt er hemmeleg.

Kamp mot seksualisert vald

#Metoo kan ha aktualisert ein av gjengangarane på kortlista, kampen mot seksualisert vald i krig.

Fleire kandidatar peikar seg ut. Den kongolesiske fødselslegen Dennis Mukweges kamp har lenge vore på komiteens radar. Det har også Jezidikvinna Nadia Murad som har fortalt verda si grufulle historie om år som sexslave hos IS.

Eit anna felt komiteen i fleire år har vurdert å gå inn i er kampen for det frie ord. Formidling av konsekvensane av krig kan virke forebyggande, og vi lever i ei tid der journalistikken er under press.

Fake news-debatten er ein del av dette, men også trangare kår for pressefriheten i mange land.

Årevis på kortlista

Kandidatane på kortlista kan gjerne vere gjengangarar. Liu Xiaobo – den kinesiske dissidenten som fekk ein av dei mest omstridde prisane i nyare tid – var ein av dei.

Mange er også vurdert fleire gongar utan å nå opp.

Å stå fleire år på kortlista svekkjer ikkje eit kandidatur. Kanskje tvert om.

Komiteen ønskjer ein balanse mellom enkeltpersonar og organisasjonar. Mange prisar har gått til internasjonalt samarbeid. FN, Røde Kors, andre. Kampen for internasjonalt samarbeid er i kjerna av Nobels testament.

Men den liberale verdsorden er også under press i vår tid. Kanskje kan ein pris til Verdas Matvareprogram eller FNs flyktningekomissær være eit svar frå komiteen?

Fifteen minutes of fame

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Norges «fifteen minutes of fame».

På førehand er det spekulert. I The Guardian, USA Today og Times of India. Og NRK – for den del. Av og til har det lekka litt, oftast ikkje.

For det meste er hemmeleg gjennom Nobelåret. Men det heile blir avrunda kvart år avrunda med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember. På Alfred Nobels dødsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt