Hopp til innhold

Slik gjer Europa seg klar til ei annleis jul

Koronapandemien gjer at årets julefeiring blir litt annleis enn tidlegare for mange. Over heile Europa set pandemien sitt preg på den komande høgtida.

Oxford Street

Oxford Street i London er pynta til jul. Men både britane og andre må bu seg på ei litt annleis jul i år på grunn av koronapandemien.

Foto: Frank Augstein / AP

I store delar av 2020 har vi måtte leve med koronapandemien og restriksjonane han har ført med seg. Mange hadde kanskje håpa at det verste skulle vere over no, men fleire land har vore gjennom ein haust med høg smitte.

No er det mange som spør seg korleis dette skal påverke julefeiringa i år.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) bad denne veka nordmenn om å droppe dei store jule- og nyttårsselskapa.

Foto: Vidar Ruud / NTB

I Noreg har regjeringa sagt at vi må bu oss på at det blir ei annleis jul i år. På onsdag blei dei nasjonale tiltaka vidareført i minst tre veker til, for å få smitten ned på eit nivå som kan gjere det forsvarleg å lette litt på tiltaka i jula.

Men også i Europa bur mange land seg på ei annleis jul i år.

Sverige

Det er framleis stor smittespreiing i Sverige, og styresmaktene reknar med at auken vil halde fram også dei neste vekene.

Torsdag kom meldinga om at prins Carl Philip og prinsesse Sofia hadde testa positivt for korona, etter at dei hadde lettare influensasymptom.

Men sjølv om talet på smitta i Sverige er stigande, utelukkar statsepidemiolog Anders Tegnell at det kan kome på tale med eit reiseforbod til jul.

– Det kjem til å bli mogleg å reise, men du må gjere det på ein svært ansvarsfull måte, sa han til Expressen.

Anders Tegnell

Statsepidemiolog Anders Tegnell seier det neppe blir kjem reiserestriksjonar i Sverige denne jula. Men han ber dei som reiser på skiferie i jula og nyttår om å droppe afterski.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / AFP

Sverige kjem med nasjonale råd for jul og nyttår i neste veke.

Men Tegnell seier til Aftonbladet at det truleg blir strenge restriksjonar, og at folk må vere budd på ei annleis julefeiring i år.

– Vi må feire i små selskap med dei vil normalt omgåst. Det er vanskeleg å sjå at det skal komme så raske endringar i viruset at vi kan treffast som før, sa han.

Danmark

Danskane har hatt ei stri tørn med koronapandemien denne hausten. I tillegg til aukande smitte, førte ein mutasjon i viruset til at dei måtte avlive 1,5 millionar mink.

Den danske regjeringa vurderer framleis kva tiltak som skal gjelde i jula, men statsminister Mette Frederiksen har gjort det klart at situasjonen i landet no er slik, at danskane må bu seg på ei svært annleis jul i år.

– No gjeld det at vi ser færre menneske og har færre sosiale kontaktar. Vi må vere innstilte på at vi ikkje kan gjennomføre desember slik vi bruker, sa ho til Berlingske tidlegare i november.

Mette Frederiksen

Danmarks statsminister Mette Frederiksen utelukkar ikkje at det kan bli strenge koronatiltak gjennom jula. Ho oppfordrar folk til å avgrense den sosiale kontakta i tida framover.

Foto: Mads Nissen / AP

Ho utelukkar ikkje at dei tiltaka som er innført i Danmark no, kan kome til å vare gjennom jula.

Dei endelege råda og tiltaka blir presentert av den danske regjeringa seinare.

Storbritannia

Etter ein haust med auka smitte og strenge restriksjonar i Storbritannia, lova statsminister Boris Johnson forrige måndag at dei ville lette på nokre av tiltaka fram mot jul.

– Vi treng alle jula, sa Johnson.

Lokale styresmakter i England, Skottland, Wales og Nord-Irland har blitt einige om retningslinjene som skal gjelde for jula, skriv BBC.

Blant anna kan opp mot tre husstandar danne ein julekohort, som kan møtast mellom 23. og 27. desember. Når ein først har blitt ein del av ein jule-kohort, kan ein ikkje bytte. I Skottland blir det sett eit tak på åtte personar i ein kohort. Barn under 12 år skal ikkje reknast med.

Kjøpesenter pynta til jul i Manchester

Kjøpesenteret i Manchester er pynta til jul. No håper britiske styresmakter at dei skal kunne lette nokre av koronatiltaka dei neste vekene, slik at familiar kan feire jul saman.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Kohortane kan treffe kvarandre heime hos kvarandre og utandørs. Det blir også gjort endringar i reiserestriksjonane.

Storbritannia har også letta på innreisereglane for utanlandsk arbeidskraft for å sikre at det blir nok kalkunar til jul, skriv BBC.

Men mange kjøper no mindre kalkunar enn vanleg fordi det blir færre gjestar til bords.

Frankrike

Etter veker med nasjonal nedstenging i Frankrike, lettar dei litt på restriksjonane frå om med laurdag. Men mange av tiltaka blir vidareført til midten av desember.

Då kan nedstenginga bli erstatta med eit nasjonalt portforbod mellom klokka 21.00 og 07.00 dersom daglege smitta kjem under 5000. Det blir gjort unntak for julaftan og nyttårsaftan, melder Euronews.

Butikkar, teater og kinoar skal opne igjen før jul, og folk skal kunne besøke familien sin. Det blir også opna for å reise mellom regionar.

Champs Elysees

Julelysa lyser langs Champs-Élysées i Paris. I midten av desember blir den nasjonale nedstenginga i Frankrike truleg erstatta av eit nasjonalt portforbod mellom 21 og 7. Det kjem til å bli gjort unntak på julaftan og nyttårsaftan.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

President Emmanuel Macron oppmoda i ein TV-sendt tale denne veka folk til å ta ansvar for å halde smitten nede, skriv The Guardian.

– Vi må gjere alt som står i vår makt for å unngå ei tredje bølgje og ei tredje nedstenging. Du spelar ei sentral rolle i dette. Eg appellerer til kvar og ein av dykk, sa han.

Restaurantar og skular i Frankrike opnar tidlegast 20. januar neste år. Barar, kafear og nattklubbar må halde stengt også etter dette.

Tyskland

I år blir det færre av dei tradisjonelle julemarknadane i Tyskland på grunn av pandemien og restriksjonane som er innført. Fleire byar har sagt at dei ikkje ønsker å arrangere, og i Berlin blir det kraftig redusert, med nokre få mindre marknader.

Den delvise nedstenginga av Tyskland blei nyleg forlenga til 20. desember. Det vil seie at restaurantar, barar, kulturarrangement og idrettsanlegg er stengde. Og tiltaka kan bli forlenga inn i jula om ikkje smittetala går ned.

Det blir gjort nokre oppmjukingar i reglane for at folk skal kunne møtest i førjulstida.

Jul i Berlin

Mange byar i Tyskland droppar dei tradisjonelle julemarknadane i år på grunn av pandemien. I Berlin blir det nokre få mindre marknader.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters
  • Les:

Frå 1. desember kan opp mot fem vaksne frå to hushaldningar møtest, barn under 14 år blir ikkje rekna med.

Og i perioden 23. desember til 1. januar kan opp til ti personar, uansett hushaldning, møtast. Det er ingen avgrensingar for barn under 14 år.

Det er krav om munnbind i butikkar, på offentleg transport og i travle gater i bysentrum. Tyskarane må også bruke munnbind på arbeidsplassen når ein ikkje kan halde 1,5 meter avstand.

Italia

I vår var Italia eitt av dei hardast ramma landa i Europa av pandemien. Denne hausten har dei fått ei ny smittebølge, og har den siste tida hatt ein kraftig auke i talet på døde av korona.

Fleire av dei italienske regionane er delvis nedstengde, og det er innført reiserestriksjonar mellom regionane.

Den italienske regjeringa vurderer no tiltak for jula. Utviklinga dei neste par vekene vil bli avgjerande for om ein kan lette på tiltaka i landet, skriv nettavisa The Local Italy.

Men det er allereie klart at julemarknadane blir avlyst i år.

– Det blir ei annleis jul i år. Det er framleis nødvendig å gjere forsakingar for å hindre ei tredje bølge i januar med nye høge dødstal, sa statsminister Giuseppe Conte torsdag.

Jul i Milano

Italia har hatt ein kraftig auke i smittetala denne hausten. Men italienske styresmakter håper dei kan mjukne opp i tiltaka når det nærmar seg jul. Her frå ei av handlegatene i Milano som er pynta til jul.

Foto: Claudio Furlan / AP

Dersom smittetala går ned, opnar den italienske regjeringa for å mjukne opp reiserestriksjonane mellom regionane.

Conte har oppfordra folk til å ha ei meir dempa julefeiring i år, utan klemming, kyssing og samlingar på julaftan.

Kyrkjene får halde ope i Italia, men eit nasjonalt portforbod frå klokka 22.00 set ein truleg ein stoppar for den tradisjonsrike midnattsmessa.

Spania

Den spanske regjeringa vurderer også kva tiltak som skal gjelde denne jula. Dei vurderer blant anna å sette ei grense på seks personar som kan vere samla til julefeiring, melder Reuters.

– Dette er ikkje eit tal vi har teke ut av lause lufta. Det er eit tal som helsepersonell og forskarar har sagt er strengt og avgrensande nok til å hindre ei ny smittebølge, sa statsminister Pedro Sanchéz på ein pressekonferanse onsdag.

Styresmaktene oppfordrar også folk til sosiale samlingar i førjulstida blir halde utandørs.

Jul i Spania

Den spanske regjeringa ber folk tone ned, og kanskje droppe, ein del av dei tradisjonelle julefestane i år, og avgrense kor mange ein feirar saman med.

Foto: OSCAR DEL POZO / AFP

Dei oppfordrar også spanjolane til å droppe den tradisjonsrike feiringa av Heilage tre kongars aftan 5. januar.

Men enkelte av dei lokale styresmaktene i Spania, som i Catalonia og Madrid, meiner dei nasjonale tiltaka er for strenge, og ønsker at opp mot ti personar skal kunne feire jul saman.

Fritak for Julenissen

Men sjølv om det blir ei litt annleis jul for mange i år, er også fleire av statsleiarane opptekne av at dei yngste skal få ei så normal jul som mogleg.

Dei opnar difor for å gi fritak for Julenissen.

Den italienske statsministeren Giuseppe Conte har på Facebooksida si forsikra italienske barn om at nissen skal vil få fritak frå reiserestriksjonane.

Simon Coveney

Irlands utanriksminister Simon Coveney lover Julenissen innreiseløyve til Irland og fritak frå karanteneplikta. Men då må barna love å ikkje vere oppe på natta, slik at det blir mogleg å halde avstand for nissen.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Og den irske utanriksministeren Simon Coveney garanterte Julenissen innreiseløyve utan å måtte gå i karantene i Irland fordi reisa blir sett på som nødvendig for å kunne utføre nødvendige ærend.

– Så han har fritak, han kjem, det har han stadfesta. Og han set pris på at Irland har sørga for at Julenissens besøk i ei veldig annleis jul i 2020 kan bli gjennomført, sa han frå talarstolen til det irske parlamentet torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt