Hopp til innhold

Regjeringa vidarefører restriksjonane i tre veker

Koronasmitten er på veg ned i Noreg, men regjeringa vidarefører koronatiltaka i minst tre veker til. Målet er at vi skal kunne feire ei mest mogleg normal jul.

Statsminister Erna Solberg (H) bad folk halde seg heime og ha minst mogleg sosial kontakt då ho og regjeringa stramma inn på koronatiltaka i starten av november.

Det skjedde etter at talet på smitta, særleg i dei store byane, hadde auka kraftig. Målet med innstramminga var å få stagge smitten slik at vi skal kunne feire ei så normal jul som mogleg.

Smitten er no på veg ned, men regjeringa vidarefører restriksjonane i minst tre veker til.

– Vi treng meir tid, og vi må sjå ein klar nedgang i smitten for å vurdere å opne. Vi må difor leve med dei tiltaka vi har i tre veker til, sa Solberg på pressekonferansen til regjeringa onsdag.

Ho tok opp att oppfordringa om å avgrense den sosiale kontakten.

Lokale tiltak

I tillegg til dei nasjonale tiltaka, bad regjeringa byar og regionar med høg smitte om å ta grep og innføre lokale tiltak for å få ned den sosiale aktiviteten.

Både Oslo og Bergen kom med strenge tiltak for å få ned smitten. I hovudstaden blei tiltaka kalla ei sosial nedstenging med blant anna skjenkestopp og stenging av treningssenter og kulturarrangement.

Også i Bergen og regionane rundt byane blei det innført liknande tiltak og innstrammingar.

Tiltaka har ført til ein positiv trend der smitten har gått ned. Men smittetrykket er framleis høgt i begge byane. Bergen har difor forlenga tiltaka i minst to veker, medan byrådet i Oslo har sagt at det kan kome lettingar i desember dersom smittetala held fram med å gå ned.

Annleis jul

Grunnen til at tiltaka blir forlenga med tre veker er at regjeringa trur smittesituasjonen er meir handterleg då.

Solberg sa at dei vile kome tilbake med tiltak for jula og nyttår neste veke. Ho sa at ho forstod at det er vanskeleg når ein ikkje kan planlegge jula, men styresmaktene trenger meir tid, sa ho.

– Vi håper vi kan lempe på tiltaka når det nærmar seg jul. Vi må sjå det litt an framover. Det er ikkje rom for dei store juleselskapa no.

Men sjølv om det blir lempa på restriksjonane når det nærmar seg jul, blir det ei annleis jul i år, seier statsministeren.

– Vi må treffe færre folk enn vi normalt gjer i jula. Vi må framleis følge smittevernreglane. Men det viktigaste er at det er lys i enden av tunnelen.

Ho håper likevel at mange skal kunne besøke familien i jula.

– Det å kunne reise heim til familie og møte sine gamle foreldre har ein høg verdi. Det er kanskje bra å konsentrere seg om dei som er viktigast. Ikkje besøk alle dei gamle klassekameratane dine.

Nedgang i testing

Statistikken til Folkehelseinstituttet tyder på at smitten er i ferd med å stoppe opp på landsbasis. FHI-rapporten for veke 47 viser at reproduksjonstalet no er 1. Det vil seie at ein person i snitt smittar ein ny.

For første gong denne hausten var talet på smitta i førre veke lågare enn veka før.

Det gir grunn til optimisme, men FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier dei vil undersøke nærmare før dei konkluderer med at det er tiltaka som har begynt å virke.

– Det kan vere teikn på at dette går ned, men her kan det vere mørketal, åtvarar ho.

Ein av grunnane til at ho er usikker på om det er tiltaka som har begynt å virke, er at dei også ser ein nedgang i kor mange som testar seg. Frå veke 46 til 47 gjekk talet på testa ned med 16 prosent. FHI vil difor prøve å finne ut kva som er grunnen til dette.

– Det kan sjå ut som om smitten har stoppa opp, og vi vil sjå om det framleis går rett veg. Men det er for tidleg å lette på tiltak no, seier ho.

Camilla Stoltenberg

Det kan verke som om koronasmitten har stoppa opp, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet. Men ho seier dei vil gå gjennom tala for å sikre seg at nedgangen ikkje skuldast at færre testar seg.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Medan smitten er høg i dei større byane, er det mindre smittetrykk andre stader i landet. Solberg håper difor ein i dei områda med lite smitte tek lett på tiltaka, men følger oppfordringane om å møte færre folk.

– I Danmark gjekk smitten også ned, men så gjekk det opp igjen. Det er for tidleg å sprette korkar no.

Tøff tid for mange

Samtidig er det mange som går ei usikker tid i møte fordi arbeidsplassar står i fare no fram mot jul.

Arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) seier nesten 11.000 menneske er komne i ein vanskeleg situasjon for andre gong i år.

– Dette er tøft for mange. Og vi veit at mange går inn i førjulstida med ein klump i magen.

Arbeids- og sosialminister Henrik Asheim

Arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) forstår at det blir ei vanskeleg jul for mange når koronatiltak set arbeidsplassar i fare. Men han håper dei økonomiske stønadane som har kome på plass, skal gjere jula litt mindre uviss for enkelte.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Men sjølv om det er usikre tider, er utgangspunktet eit anna no enn i mars, seier Asheim, og viser til at det er kome på plass mange ordningar der folk får pengestøtte.

– Nav har bygd opp ein beredskap, og er nede på normal saksbehandlingstid. Eg håper alle kan ta juleferie med den vissa om at tryggingsnettet er på plass, sa han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger