Trykk på den institusjonen du vil lese om.
HØGSTERETT
Høgsterett i USA - eller Supreme Court - representerer den dømande makta i forbundsstaten USA.
Retten består av ein justitiarius (Chief Justice) og åtte dommarar, som presidenten utnemner på livstid etter godkjenning i Senatet.
Under Høgsterett kjem 12 ankedomstolar - Courts of Appeals - og under desse kjem distriktsdomstolane - District Courts.
Høgsterett går gjennom saker som kjem frå ankedomstolane, og er også siste instans når det gjeld saker som involverer forbundslovgjevinga og konstitusjonen. Retten har makt til å gjera lover ugyldige om dei meiner dei ikkje passar inn med konstitusjonen.
Høgsterett har møter frå juni til oktober kvart år.
Sjå også:
og