Trykk på den institusjonen du vil lese om.
KONGRESSEN
Kongressen er den lovgjevande makta i forbundsforfatninga.
Kongressen består av to kammer: Senatet og Representanthuset.
Ein kan ikkje vera medlem av presidenten si regjering og Kongressen samtidig.
Ein kongressmedlem som blir spurt om å bli statsråd må gå frå posten sin i Kongressen først. Dette er ulikt frå til dømes Storbritannia, der ein statsråd må vera medlem av parlamentet.
Senatet
Senatet har to senatorar frå kvar av dei 50 delstatane. Dei er valde for 6 år. Annakvart år endrar likevel Senatet samansetjinga.
Senatet er delt inn i komitear, som arbeider med lovforslag, kjem med revisjonar eller vrakar forslag.
Senatet har også makt til å gi, eller nekta å gi, "råd og samtykke” i traktatar som presidenten kjem med i utanrikspolitikken.
Senatet må også godkjenne høgre embetsmenn som presidenten har utnemnt, til dømes dommarane i høgsterett.
Senatet står fritt til å ta initiativ til lovgjeving, og kan gjera endringar i, eller vraka, framlegg som kjem frå Representanthuset.
Senatet fungerer også som riksrett om Representanthuset reiser klage, og med 2/3 fleirtal kan dei fjerna tenestemenn innanfor forbundsapparatet.
Formannen for Senatet er visepresidenten i USA, men han har berre røysterett i forsamlinga når stemmene tel likt.
Representanthuset
Representanthuset blir fornya gjennom val annakvart år, og har 435 medlemer.
Fordelinga av representantar avspeglar folketalet i delstatane. Alaska har til dømes berre ein representant, mens California har 53 i noverande periode.
Også Representanthuset er delt inn i ulike komitear.
Veto
Senatet og Representanthuset utøver den øvste lovgjevings-, skatte- og løyvingsmakta i USA.
Begge kammera kan gjera endringar i, eller forkasta, lovframlegg som er vedtekne i det andre kammeret. Kongresshusa må vera einige om, til dømes, om ei lov skal bli vedteken. Men, sjølv om eit lovforslag er godteke i Kongressen, kan presidenten leggje ned veto.
Har presidenten gjort dette, kan gjeldande lovforslag ikkje bli gyldig før det er vedteke av begge kammer på nytt, med 2/3 fleirtal begge stader.
Endringar i sjølve forbundsforfatninga krev også 2/3 fleirtal i begge kammer - i tillegg til at endringa må godkjennast med fleirtal i andre instansar, til dømes av juridiske styresmakter i delstatane.
Sjå også:
og