Trykk på institusjonen du vil lese om.
PRESIDENTEN
Presidenten representerer den utøvande makta i USA.
Det er presidentval kvart fjerde år, der veljarane vel valmenn, som igjen vel presidenten.
Sjå:
Presidenten må vera fødd i USA, ha budd i USA i minst 14 år og vera minst 35 år gamal.
Samtidig som presidenten blir valt, blir det også valt visepresident, som også blir president i Senatet. Men denne har berre røysterett i forsamlinga når stemmene tel likt.
Presidenten har utvida fullmakter i utanrikssaker, og er militær øvstkommanderande. Presidenten har difor høgste kommando over dei væpna styrkane.
Presidenten vel også si eiga regjering, og dei ulike statsrådane får ansvaret for tradisjonelle område som til dømes utanriks- eller finanssaker. Statsrådane er berre ansvarlege overfor presidenten.
I tillegg styrer også presidenten ein eigen stab (Executive Office) og fleire frittståande direktorat (Independent Agencies).
Sjå også:
og