Gbagbo-lojale soldatar i og på ein bil fullasta med våpen.
Foto: LUC GNAGO / ReutersEin soldat som støttar den valde presidenten Alassane Ouattara held utkikk i Abidjan.
Foto: STR / Afp– To bilar med væpna menn på veg frå huset til tidlegare president Gbagbo prøvde å ta seg inn i den franske ambassaden medan dei skaut rundt seg. Bilane vart øydelagde av forsvarshelikopter, seier den franske forsvarsministeren Gerard Konguet.
Mennene var ifølgje nyheitsbyrået Reuters tilsynelatande tilhengjarar av president Laurent Gbagbo, som nektar å gå av sjølv om han tapte valet i november.
Angrip Gbagbo-palass
Også torsdag føremiddag er det meldt om skyting med tungt artilleri ved palasset til Gbabgo.
I går prøvde soldatar lojale til den valde presidenten Alassane Ouattara å ta seg inn i palasset til Gbagbo, for å tvinge han til å gi frå seg makta og vedkjenne seg Ouattara som rettmessig valvinnar og president i landet.
Dei
, og måtte gi opp.FN og Frankrike sa i går at dei ikkje har klart å forhandle fram ein avgang for Gbagbo, som tidlegare signaliserte at han
.Angip ambassadar
Også tidlegare i dag måtte helikopter gripe inn og stanse militære køyrety frå styrkane til Gbagbo.
Oppdraget vart ifølgje talsmann for dei franske styrkane, Thierry Burkhard, utførd for å redde den japanske ambassadøren i Elfenbeinskysten.
Franskmennene, som denne veka vart med i FN-leidde angrep for å øydeleggje tunge våpen tilhøyrande Gbagbo-styrkane, greip inn då soldatar tok seg inn i huset der den japanske ambassadøren Yoshifumi Okamura og sju tilsette hadde forskansa seg.
- Les også: