Det er sett i verk ein større bergingsaksjon, og det er godt håp om å finne fleire i live. Skulen hadde lokale i øvste etasje i bygningen i det tett folkesette nabolaget Ita Faji på Lagosøya. Det eksakte talet på sakna er uklart, men folk i nabolaget seier at det var rundt 100 elevar ved skulen.
Det er ikkje klart kor mange menneske som var inne i bygningen i tillegg til dei rundt 100 skuleelevane. Nyheitsbyrået AFP melder at det var snakk om ein «illegal skule», utan at det er forklart nærmare.
Ved 22-tida i kveld opplyser krisedepartementet i Lagos at nesten 50 er berga ut av den samanraste bygnngen, og at åtte personar er stadfesta omkomne.
Mange born berga ut
Mange frivillige hjelper til med å få ut overlevande, og mange menneske har samla seg rundt ruinane av bygningen. Ein kan høyre jubelrop når eit barn blir berga ut, og ambulansar står klare til å køyre elevane til sjukehus.
Vitne fortel at borna som er berga ut i live var medtekne og dekte av bygningsstøv, men mange av dei verka å ikkje vere alvorleg skadde.
Shina Tamiyu, beredskapssjef i Lagos, seier til nyheitsbyrået AP at dei enno ikkje veit kor mange som har mist livet i bygningskollapsen. Augevitne fortel at fleire døde er tekne ut av ruinane.
Dårleg bygningsstandard
Det er ikkje uvanleg med bygningskollapsar i Lagos, den største byen i Nigeria med nær 20 millionar innbyggjarar. Mange huseigarar byggjer ekstra etasjar på bygningane utan godkjenning frå styresmaktene. Nybygg blir sette opp utan godkjenning, og bygningsstandarden i dei fattige bydelane er generelt svært dårleg.
Bygningen der skulen held til kollapsa rundt klokka 10 onsdag føremiddag, og bergingsarbeidet held fram for fullt. Mørket vanskeleggjer leitinga, men det er framleis håp om å finne fleire i live i ruinane.