Hopp til innhold

Skuldar Donald Trump for valdstruslar

Demokratane skuldar president Donald Trump for truslar om vald mot den som varsla om den omdiskuterte samtalen mellom Trump og presidenten i Ukraina.

Donald Trump

President Donald Trump er i hardt ver.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Torsdag blei varselet frå ein anonym tilsett i etterretningstenesta offentleggjort. Varslaren slo alarm på bakgrunn av samtalen Donald Trump hadde med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj 25. juli i år, der Trump bad ukrainarane etterforske tidlegare visepresident Joe Biden og sonen hans, Hunter.

Torsdag sa Donald Trump at han ønskjer å finne ut kven varslaren er, og kven som har gitt vedkommande informasjon.

Under eit arrangement i den amerikanske FN-delegasjonen i New York skal Trump ha samanlikna varslaren med ein spion.

– De veit kva vi brukte å gjere i gamle dagar med spionar og forrædarar, sa Trump, ifølgje eit opptak som New York Times har publisert.

Forræderi kan føre til dødsstraff i USA.

Varslet mot Donald Trump etter samtale med Ukrainas president Volodymyr Zelenskij

Varselet blir omtalt som truverdig av generalinspektøren for etterretningstenestene, som tok imot varselet, og den nasjonale etterretningssjefen.

Foto: Eva Hambach / AFP

Demokratane: – Kan vere ulovleg

Demokratane fordømmer angrepet på varslaren og vedkommande sine kjelder. Dei meiner presidenten prøver å skremme dei.

Kongress-representantane Elliot Engel, Adam Schiff og Elijah Cummings meiner forsøket på å stanse potensielle vitne kan vere ulovleg.

– Truslar om vald frå den øvste leiaren i landet har ein skremmande effekt på heile varslarprosessen. Dette har alvorlege konsekvensar for demokratiet og den nasjonale tryggleiken, heiter det i ei fråsegn frå Demokratane.

Leder av etterretningskomiteen i Representantenes hus Adam Schiff

Demokraten Adam Schiff er leiar for Etterretningskomiteen.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

– Misbruk av makt

Varslaren høyrde ikkje samtalen mellom dei to presidentane sjølv, men fekk informasjon frå eit halvt dusin tilsette i Det kvite hus og i det amerikanske statsapparatet, som hadde detaljert kunnskap om samtalen.

Vedkommande si vurdering var at presidenten brukte makta si til å få eit anna land til å blande seg inn i det amerikanske presidentvalet neste år. Joe Biden kan komme til å bli Trump sin hovudmotstandar under valet.

Varselet er årsaka til at Demokratane i Kongressen har starta prosessen med ein mogeleg riksrettstiltale mot Trump.

Etterretningssjefen: – Varslaren er truverdig

Torsdag vitna fungerande etterretningssjef Joseph Maguire under ei høyring i Etterretningskomiteen i Representanthuset.

Maguire blei spurd om innhalda i varselet var korrekt.

– Tilbakemeldinga frå generalinspektøren (generalinspektøren for etterretningstenestene som formelt tok imot varselet) var at varselet var truverdig, svarte Maguire.

Han la til at varselet samsvarar med utskrifta frå telefonsamtalen som blei offentleggjort torsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt