Hopp til innhold

Har sett opp «ringeklokke» for å hjelpa fisk

Ein annleis idé for å hjelpa fisk har vorte eit slags internett-fenomen.

Fisk på direktestraumt frå Utrecht, Nederland

Dukkar ein fisk opp på direktestraumen, kan ein melda frå ved å trykka på ei ringeklokke. Då vert det òg teke eit bilete, som slusevakta kan sjå på.

Foto: Visdeurbel/Utrecht kommune

Ringeklokke-sesongen for fisk er i gang igjen, for fjerde år på rad.

Er du forvirra?

Det er ikkje så rart. Det er nemleg eit ganske spesielt prosjekt som har gått føre seg i Utrecht i Nederland i nokre år.

Kvar vår svømmer store mengder fisk gjennom kanalar på veg til Utrecht, på leiting etter ein stad å legga egga sine. På vegen må dei passere ei sluse.

Problemet er at slusa ikkje vert opna så ofte på våren, fordi det er få fisk på ferde.

Då må fisken kanskje venta ei stund i same område, noko som gjer dei sårbare for rovdyr som fuglar.

Løysinga vart å sette opp eit kamera under vatnet. Via ein direktestraum på nett kan folk i heile verda følga med.

Ser dei ein fisk, trykkar dei på ein knapp. Då får slusevakta eit signal, og sjekkar om det er naudsynt å opna opp.

Årets ringeklokke opna 1. mars, og vert open fram til juni.

Slusevakt i Utrecht, Nederland

Når nokon trykker på ringeklokka, får ei slusevakt beskjed og kan vurdera om det er mange nok fisk i området til at slusa bør opnast.

Foto: Utrecht kommune

Banka på dører

– Eg visste at eg ikkje kunne sjå på kameraet 24/7, men så kom eg på at me kunne gjera det saman, har økolog og ringeklokke-oppfinnaren Mark van Heukelum tidlegare sagt til The Guardian.

Heilt i starten måtte dei bruka enkle metodar for å finna folk som kunne hjelpe til. Løysinga vart å banke på dører i nabolaget og spørje om innbyggarane ville sjå på video og hjelpa fiskar.

– Lite visste me at dette skulle gå viralt i løpet av nokre dagar, seier han.

Internett-fenomen

For det som tidlegare var ein einmannsjobb for ei slusevakt, har vorte eit slags internett-fenomen.

Berre i 2023 ringte klokka 105.000 gonger, ifølgje Utrecht kommune, som er blant dei som driftar prosjektet.

Fisk på direktestraumt frå Utrecht, Nederland

Mort, brasme, sik, åbor, gjedde og rudd er dei vanlegaste fisketypane ein kan sjå på direktestraumen.

Foto: Visdeurbel/Utrecht kommune

Det er det høgaste talet sidan ringeklokka vart starta opp i 2021.

I fjor hadde nettsida 8,2 millionar besøkande og over 1 million unike besøkande.

Sjølv om dei lokale styresmaktene har sett opp reklameplakatar for å fortelje befolkninga om prosjektet, er det ikkje nederlendarane som er dei mest aktive.

Faktisk er det aller mest populært blant tyskarar. Men òg i USA, Storbritannia, Austerrike, Sveits og Canada er det mange som er innom, ifølgje kommunen.

– Fiskeklokka har vorte ein uunnverleg del av Utrecht, men ho er òg svært populært internasjonal, sa rådmann Linda Voortman i ei pressemelding i fjor.

Ringeklokka har òg fått draghjelp frå ein kjent amerikansk fotballspelar som laga ein TikTok-video om ho. Det britiske TV-programmet «QI» tvitra òg om ringeklokka i fjor, noko som førte til auka merksemd i Storbritannia.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.