Dette opplyser ei kjelde rundt etterforskinga til nyheitsbyrået Reuters i ettermiddag. Politiet har førebels ikkje offisielt stadfesta meldinga.
Plitiet har arrestert tre personar etter terroraksjonane mot dei to synagogene. Det er ukjent kva nasjonalitet dei tre arresterte har, men det er klart at det er minst ei kvinne blant dei. Tyrkisk fjernsyn seier i dag at to av dei tre arresterte er kvinner. Dei tre vart tekne inn til avhøyr seint i går kveld, men politiet har vore tilbakehaldne med opplysningar.
EIn død mann ligg blant ruinane på gata utanfor Neve Shalom-synagaoga i Istanbul. (Ap- Scanpix-foto)
Slik såg det ut utanfor Neve Shalom-synagaoga i går kveld. (Foto. Ap-Scanpix)
Organisasjon
Politiet vil ikkje seie noko om dei tre tilhøyrer ein organisasjon. Ein anonym innringjar til nyheitsbyrået Anatolia i går sa at terroraksjonen var utført av ei ekstrem tyrkisk islamistisk gruppe som kallar seg "Islamic Front of Raiders of the Great Orient".
Tyrkiske styresmakter meiner likevel at ei internasjonal terrorgruppe må ha stått bak, og Osama bin Ladens Al Qaida-nettverk har vore nemnt.
Agentar frå den israelske etterretningstenesta Mossad er alt på plass i Istanbul for å bistå tyrkiske styresmakter med etterforskinga. I dag tidleg kom Israels utanriksminister Silvan Shalom til Istanbul.
Biltrafikk
Tyrkias sjefrabbinar Yitzhak Haleva seier at han tidlegare har åtvara politiet om at biltrafikken utanfor syngaogene utgjorde ein trussel, og at han har bede om at trafikken forbi gudshusa blir stengd av.
Synagaoga som fekk dei største skadane i eksplosjonen i går, Neve Shalom, vart også utsett for eit terrorangrep i 1986. Då vart 21 menneske drepne, og sjølv om ingen vart arrestert etter angrepet, blir det knytt til ytterleggåande palestinske grupper.
Ein jødisk organisasjon i Tyrkia opplyser at det blant dei døde er ni jødar og 11 muslimar. Minst to av dei var tryggingsvakter. Mange som budde i hus i nærleiken av Neve Shalom eller var på gata utanfor, vart også skadde i angrepet. Bygningsrestar og kroppsdelar låg strødde i gata utanfor moskeen.
Fordøming
I synagoga Beit Israel vart fire menneske drepne og 60 skadde. Dei andre døde og skadde var i eller i nærleiken av Neve Shalom-synagoga.
Dei fleste land og regjeringar har fordømd terroraksjonane i Istanbul. I dag kom det fordømingar også frå Iran og frå dei palestinske styersmaktene.
Tala på døde etter terroraksjonane i Istanbul i går er enno ikkje heilt fastslått. Det siste offisielle talet er 2, men det kan enno stige. Av dei over 300 skadde ligg søndag føremidag framleis rundt 70 menneske på sjukehus.