Hopp til innhold

Shanghai opnar etter to månader med nedstenging

Natt til onsdag fjernar den kinesiske storbyen Shanghai koronarestriksjonane, og den to månader lange nedstenginga av byen er over.

Arbeidere fjerner gjerdene som har stengt folk inne under nedstengingen av Shanghai.

FJERNAR: Gjerda som har stengt innbyggarane i Shanghai inne under nedstenginga blir no fjerna.

Foto: ALY SONG / Reuters

I mars blei det oppdaga eit utbrot av omikronvarianten i den kinesiske millionbyen Shanghai. Det førte til full nedstenging av byen. Gatene har vore folketomme, og styresmaktene sette opp to meter høge gjerde for å hindre at folk kom seg rundt.

Virusvarianten har skapt den mest utfordrande situasjonen i Kina sidan koronautbrotet i Wuhan i 2020.

Den siste tida har likevel trenden snudd. Måndag blei det ikkje registrert eitt einaste tilfelle av koronaviruset, dagen før blei det registrert eitt tilfelle.

Les også Shanghais innbyggere gjerdes inn for å begrense smitten

Helsearbeidere Shanghai.

Opnar igjen

No vil styresmaktene tillate at livet returnerer til normalen, og kunngjorde måndag at den to månader lange nedstenginga er slutt.

Tiltaka har møtt stor motstand frå innbyggarane i byen. Fleire har hatt vanskar med å skaffe seg mat og helsehjelp. Familiar har blitt splitta opp, og fleire har mista jobben. Mange har blitt tvinga i karantene av offentlege tenestemenn.

En person iført smittevernutstyr går i en gate i Huangpu-distriktet i Shanghai. Bildet er tatt 17. mars.

I to månader har gatene i Shanghai vore folketomme. Dei einaste som har kunne bevege seg utandørs er arbeidarar i smittevernutstyr

Foto: Hector Retamal / AFP

Men onsdag kan innbyggarane i område med låg risiko vende tilbake til jobbane sine, skriv Reuters.

I tillegg opnar kjøpesenter og butikkar igjen, og jernbanen tek opp att normal drift igjen. Det er også venta at ein auke i innlandsflygingar til byen, seier varaordførar Zong Ming til nyheitsbyrået.

På offentlege område må folk vise ein negativ PCR-test frå dei siste 72 timane for å komme inn.

Mann i Shanghai går til frisør på gata

Dagleglivet er sakte men sikkert i ferd med å vende tilbake til kvardagen i Shanghai.

Foto: ALY SONG / Reuters

Nulltoleranse

Kinesiske styresmakter har ført ein nulltoleranse når det gjeld koronaviruset. Det har ført til strenge nedstengingar i byar og tettstader som har utbrot av viruset.

For Shanghai betydde det av dei 26 millionar innbyggjarane i byen måtte halde seg innandørs.

I hovudstaden Beijing er 5000 personar sett i karantene etter at ein mann, som seinare testa positivt, ikkje isolerte seg då han fekk symptom. Mannen er no under etterforsking, skriv The Guardian.

Kø utenfor en bank i Beijing etter at koronarestriksjoner har blitt fjerna.

Også Beijing lettar på koronarestriksjonane. Blant anna har bankane opna igjen. Tysdag var det kø utanfor denne filialen.

Foto: Ng Han Guan / AP

Måndag blei det rapportert om 16 nye tilfelle i Beijing. Men byen lettar likevel på restriksjonane. Delar av den kollektivtransporten er i gang igjen, og kjøpesentera er opne, skriv BBC.

SISTE NYTT

Siste nytt