Hopp til innhold

Eks-politimann avslørt som seriemordar etter 35 år

Fransk politi opplyser at dei har avslørt det dei meiner er ein drapsmann som har stått bak fleire drap og valdtekter i Frankrike.

Fantomtegning av etterlyst mann

I 35 år har frank politi leita etter mannen. Fantomteikninga har hange på franske politistasjonar i meir enn tre tiår.

Foto: EMMANUEL PAGNOUD / Fransk politi

Mannen som er tidlegare politimann, tok sitt eige liv tidlegare i veka. Ifølgje avisa Le Figaro er mannen avslørt av DNA-funn.

Han er mistenkt for minst tre drap og seks valdtekter i perioden frå 1986 til 1994. Drapet på ei 11-årig jente i Paris i 1986, vekte stor oppsikt. .

Den 59 år gamle tidlegare politimannen hadde starta karrieren sin i militærpolitiet, før han fekk jobb i politiet i 1988, og seinare pensjonerte seg, opplyser nyheitsbyrået AFP.

Sjølvmordsbrev

Saka vart løyst då etterforskarar i fransk politis Cold Case-gruppe bestemde seg for å sende ut melding til 750 politistasjonar i Paris-området.

Den 24. september vart mannen innkalla til avhøyr for å gje frå seg DNA-prøve. Kona hans melde han sakna 27. september.

Torsdag vart mannen funnen død i ei leigd leilegheit i Grau-du-Roi i Sør-Frankrike, der han skal ha etterlate seg eit sjølvmordsbrev. I brevet skriv han at han hadde hatt «impulsar» som han seinare fekk kontroll over.

Avslørt av ny DNA-teknikk

Det vert tolka som at han tilstår dei valdelege hendingane, men brevet skal ikkje ha innehalde detaljar. Dette er ikkje stadfesta av styresmaktene, men er rapportert i fleire franske medium.

Ifølgje statsadvokaten i Paris er det fullt samanfall mellom DNA frå den tidlegare politimannen og DNA-spor funne på i alt åtte åstader. Politiet i Paris stadfesta dette fredag.

Mellom anna gjeld det drapet på ein 38-årig mann og den tyske au-pairen hans i 1987, og drapet på ei 19 år gamal kvinne i 1994.

Viste fram politiskilt

Heilt sidan drapet på 11-årige Cécile Bloch i 1986 har den ukjente seriemordaren gått under tilnamnet «Le Grêlé» (hagl). Det speler på vitneopplysningar om at ein mann med arr i ansiktet vart sett i samband med drapet på 11-åringen.

Teikninga av mannen med det arrete ansiktet vart laga av politiet basert på det som vitnet fortalde den gong, og har vore forbetra fleire gonger, men utan at nokon kjente han igjen.

Lille Cécile forsvann på veg til skulen og vart etterlyst av foreldra. Ho vant seinare funnen under eit teppe i kjellaren i blokka der ho budde. Obduksjonen viste at ho vart valdteken, kvelt og stukken med kniv.

Drapet sende sjokkbølger gjennom det franske samfunnet. Berre veker før var ei 8 år gamal jente valdteken ikkje langt unna, og politiet knytte dei to sakene saman etter kort tid, skriv Le Monde.

I samband med valdtektene av to andre jenter på 11 og 14 år som og er knytte til same DNA-profil, er det mistanke om at mannen fekk jentene sin tillit ved å identifisere seg som politimann.

Trur det er fleire

Ifølgje bistandsadvokaten til fleire av offera sine familiar, Didier Saban, er mannen mistenkt for mange fleire drap. Han seier det ikkje er tvil om at det er fleire tilfelle, men at mange av familiane no aldri vil få svar på kva som skjedde med deira nære.

Han ber likevel om at fleire uløyste saker no vert opna på ny, med sikte på å avklare om det kan vere same gjerningsmann bak.

Ifølgje BFMTV skal fransk politi no etterforske vidare og leite etter koplingar og DNA-samanfall i ei rekke uløyste saker.

I brevet skal den mistenkte gjerningsmannen ha skrive at han slutta i 1997, men politiet har ikkje knytte han til noko etter 1994. Dermed skal dei no gå gjennom alle uløyste saker i dei tre åra.

Nyheter om denne saka kjem same veke som den britiske politimannen Wayne Couzens vart dømd til livstid i fengsel i England for drapet på Sarah Everard i London i mars.

Han hadde og vist fram politiskiltet sitt til henne før han bortførte, valdtok og drap henne.

SISTE NYTT

Siste nytt