NRK Meny
Normal

Svenske piratjegarar til Libya

Spesialtrente svenske soldatar som tidlegare har jaga piratar i Adenbukta, skal til Libya for å hindra våpensmugling.

Indian Ocean Somalia Sweden

Ein svensk skarpskyttar patruljerer kysten utanfor Somalia for å hindra piratkapringar frå det svenske flaggskipet HMS Carlskrona. Biletet er frå mai 2010.

Foto: Tim Freccia / Ap

Som Noreg held også Sverige fram med sitt bidrag til krigen i Libya.

Men i tillegg til å ha fem jagarfly med i operasjonen, har den svenske regjeringa bestemt at også 40 spesialtrente soldatar skal stillast disponible for oppdrag i Libya, ifølgje nettavisa Expressen.

Tidlegare pirat-patrulje

Soldatane tilhøyrer Amfibieregimentet, ein styrke tilhøyrande den svenske marinen som er spesialtrente i å borda fartøy og båtar for å undersøkja lasta om bord. Spesialstyrken har også skarpskyttarar.

For eitt år sidan var bordingsstyrken på oppdrag i Adenbukta utanfor den afrikanske kysten. Då var oppgåva å stoppa piratar.

– Det er soldatar med grunnleggjande soldatutdanning og offiserar som har mange år med erfaring i forsvaret eller i Amfibieregimentet, fortel Kristina Swaan, som er informasjonssjef ved Amfibieregimentet til Expressen.

I Libya er hovudoppdraget å borda skip og båtar som er mistenkte for våpensmugling.

– Skarpt oppdrag

Kristina Swaan i det svenske forsvaret

Kristina Swaan er informasjonssjef i det svenske Amfibieregimentet, som er ein del av den svenske marinen.

Foto: Försvarets bildbyrå, Sverige / FBB

– Baktanken er å styrka tryggleiken til den ålmenne sjøfarten, slik vi gjorde i Adenbukta. Det er viktig at sivil og humanitær hjelp kjem fram, seier Swaan.

Swaan vedgår at oppdraget i Libya er tøft, men påpeikar at regimentet er godt førebudde.

– Alle skarpe operasjonar er sjølvklart risikofylte, men våre kvinner og menn er trente til dette. Dei er opplært til å kunne løysa oppdrag nasjonalt og internasjonalt, opplyser informasjonssjefen.

Det er førebels uklart kor stor den eventuelle bordingsstyrken som reiser til Libya blir. Då Amfibieregimentet var i Adenbukta, var det mellom 12 og 14 soldatar med på oppdraget.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt