Hopp til innhold

Senatet vedtok lov om vern av likekjønna ekteskap

I USA har Senatet vedtatt ei lov som vernar likekjønna ekteskap. Både demokratar og republikanarar stemte for lova.

Kyrsten Sinema

Tre kvinnelege senatorar som er blant dei som sto bak lova om likekjønna ekteskap. Frå venstre demokratane Tammy Baldwin og Kyrsten Sinema og republikanske Susan Collins, då dei møtte journalistar etter at lova vart vedtatt.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

vedtaket gjer at det konservative fleirtalet i høgsteretten ikkje kan avskaffe retten til likekjønna ekteskap slik dei gjorde tidlegare i år med retten til abort.

Lova vart vedtatt med 61 mot 36 stemmer etter at 12 republikanarar stemde saman med demokratane for lova. Det trongst 60 stemmer for å vedta lova utan debatt.

Lova blir no send til Representanthuset som er venta å stemme over den raskt. Deretter går lova vidare til president Joe Biden for underteikning.

Biden seier han skal underteikne den kjapt og med stoltheit.

Representanthuset vedtok ei liknande lov i juni med stemmene til alle demokratane og 47 republikanarar.

Stor lette

Lova er ein stor lette for hundretusenvis av amerikanarar som har gifta seg med ein av same kjønn sidan høgsterett legaliserte likekjønna ekteskap i 2015.

Fleirtalsleiaren, senator Chuck Schumer, sa det var på tide lova blir innført. Han seier lova er eit nytt steg i USAs vanskelege, men uunngåelege, marsj mot større likskap.

Han påpeika stolt at han hadde på seg same slipset som då den lesbiske dottera hans gifta seg.

Avstemminga var personleg for fleire senatorar, blant dei Tammy Baldwin, USAs første opne lesbiske senator, som har arbeidd for rettane til homofile i fleire tiår.

Frykta at retten kunne forsvinne

Retten til likekjønna ekteskap har vore garantert av høgsterett sidan 2015.

Men etter at ein meir konservativ høgsterett i juni fjerna retten til abort som låg i Roe vs. Wade-saka, byrja mange å frykte at det same kunne skje med retten til likekjønna ekteskap.

Den frykta auka då den konservative høgsterettsdommaren Clarence Thomas etter abortvedtaket antyda at likekjønna ekteskap kunne stå for tur.

Det hasta då å få lova vedtatt medan Demokratane framleis har fleirtal i begge kammer. I januar overtar den nye Kongressen, der Demokratane etter mellomvalet i november mista fleirtalet i Representanthuset.

Framleis omstridd

Lova krev ikkje at delstatane må innføre rett til likekjønna ekteskap, men han krev at dei anerkjenner slike ekteskap som er inngått i andre delstatar.

Meiningsmålingar viser at over to tredelar av amerikanarane støttar likekjønna ekteskap. Men temaet er framleis omstridd.

Konservative religiøse er imot fordi dei meiner ei slik lov truar religiøse rettar.

Motstand avvist

36 republikanske senatorar stemde imot.

Avstemminga skjedde etter at fleire republikanske endringsforslag om rettane til kyrkjesamfunn og dei som er imot slike ekteskap, var avviste. Grunngivinga var at lovforslaget allereie klargjer at rettane til individ og næringsliv ikkje blir råka.

Eitt forsøk på å sabotere lova ved å seie at ho opnar for polygami, vart stansa ved å endre ho til å spesifisere at ho gjeld ekteskap mellom to personar.

Senator Cynthia Lummis

Den republikanske senatoren Cynthia Lummis (Wyoming) var mellom republikanarane som stemte for lova.

Foto: Kevin Dietsch / AFP

Ein av dei meir konservative republikanarane som stemde for lova, Cynthia Lummis, sa at ho framleis støttar doktrinen til kyrkja om at ekteskap er mellom mann og kvinne.

Men ho sa at USA er basert på eit skilje mellom kyrkje og stat, og at det er viktig med toleranse for synspunkta til andre

Sjølv om det har vore eit oppsiktsvekkjande raskt skifte i opinion i USA om likekjønna ekteskap, har LHBTQ-miljøet den siste tida vore under sterkt press.

Det vart aktualisert ved angrepet mot ein nattklubb for homofile i Colorado førre helg som kosta fem menneske livet.

SISTE NYTT

Siste nytt