Hopp til innhold

Kalkun-slakting med Sarah Palin

Sarah Palin er glad i kalkun, og ho let seg intervjue medan det gjekk føre seg slakting i bakgrunnen.

Sarah Palin i intervju med kalkunslakting i bakgrunnen.

Sarah Palin er ikkje sentimental når det gjeld kalkunslakting.

Foto: EBU/GBRTV

Neste helg er det Thanksgiving, den viktigaste familiehøgtida i USA. Då står det kalkun på bordet i dei fleste heimar, så også hos tidlegare visepresidentkandidat Sarah Palin heime i Alaska.

Og før Thankgsiving er det også mange tradisjonar, som å frede ein kalkun som skal sleppe å bli til middagsmat.

Sjå videoen her:

Video nsps_upload_2008_11_22_13_35_42_1701.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det var dette Palin kom til kalkunfarmen Triple D i Alaska for å gjere her om dagen, og då ein lokal fjernsynsstasjon ville ha eit intervju med henne, så vart det gjort framfor sjølve slakteriet.

Og medan Palin snakkar om kva grunnar ho har til å vere takknemleg for året som har gått, og korleis familien har det og så vidare, så driv ein litt forvirra kalkunslaktar på for fullt i bakgrunnen.

Det blir vanskeleg å konsentrere seg om Alaska-guvernøren, og slaktaren tek over stadig meir av merksemda.

Og Palin var fullt klar over kva som gjekk føre seg i bakgrunnen, men ho syntest det passa godt sånn like før Thanksgiving.

Sarah Palin med ein freda kalkun i forgrunnen.

Sarah Palin saman med kalkunen ho freda.

Foto: EBU/GBRTV

SISTE NYTT

Siste nytt