Salva Kiir: – Unnskyld for krigen i Sør-Sudan

Sør-Sudans president seier unnskyld til folket i Sør-Sudan for at ein borgarkrig har rast gjennom landet i to år. Det fattige og skakkøyrde landet er no i ei djup humanitær krise.

SOUTHSUDAN-UNREST/ South Sudan's President Kiir addresses the nation at the South Sudan National Parliament in Juba

Salva Kiir, Sør-Sudans president, ber om orsak for krigen som har herja i landet i to år. Han og hans tidlegare visepresident var sentrale i oppstarten av konflikten.

Foto: JOK SOLOMUN / Reuters

– Eg vil gjerne..., starta Sør-Sudans president Salva Kiir, før han tok ein pause.

Han skulle snakke om krigen i Sør-Sudan på FNs radiokanal i landet. Då han heldt fram var det nye toner som kom frå presidenten.

– ...be om djupaste orsaking framfor folket i Sør-Sudan, på grunn av dei meiningslause og uuthaldelege lidingane som de, folket i Sør-Sudan, og det elska landet vårt, har gått gjennom dei siste 24 månadane.

Framleis krig

Det er nyheitsbyrået AFP som siterer presidentens tale. Kiir si orsaking kjem etter at han denne veka godtok ein ny fredsavtale. Avtalen fører mellom anna til at Kiir må dele ministerpostar med fleire av sine rivalar.

Sør-Sudan, solnedgang, Afrik

Sola går ned over Sør-Sudan. Nok ein fredsavtale er på plass, men mange startar no å miste håpet om fred.

Foto: Ben Curtis / Ap

Dette er det siste av ei veldig lang rekke med forsøk på fred. Men fred har det ikkje blitt i Sør-Sudan etter at det braut ut uro i hovudstaden Juba før jul i 2014.

Det er to fraksjonar innan regjeringspartiet SPLM som kjempar mot kvarandre. Kiir har støtte frå regjeringshæren, medan hans tidlegare visepresident Riek Machar leiar ei utbrytargruppe. Konflikten er på mange måtar ein maktkamp innanfor regjeringspartiet, til dels med etniske skiljelinjer.

Seksuell vald, barnesoldatar og etniske vald

Trass i den nyaste fredsavtalen er det framleis kampar i landet, og det er også fleire militsgrupper som no kjempar i Sør-Sudan, i tillegg til dei to opphavlege grupperingane. Desse militsane bryr seg lite om fredsavtalane som vart inngått mellom leiarane i landet.

– Desse folka som held fram med å angripe oss etter at me har signert ein avtale. Eg kjem ikkje til å stanse mine styrkar frå å jakte på dei som om dei var rotter, har Kiir sagt.

Både regjeringsstyrkane og opprørsstyrkane er skulda for etniske massakrar, rekruttering av barnesoldatar, seksuell vald og andre brot på menneskerettane.

Kampane den siste tida fører til stadig fleire flyktningar i Sør-Sudan, og FN melder om at mange reiser inn i område kor hjelpeorganisasjonar ikkje kan hjelpe dei.

Flere hus har brent ned etter kamper i Sør-Sudan

Ein landsby i Panyijiar-regionen er angripen, og fleire hus har brent ned. Fleire millionar er no på flukt frå kampane i Sør-Sudan.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

2,2 millionar på flukt

Kiir innrømma i talen at krigen ikkje berre hadde kosta menneskeliv, men også omdømme.

– Det er heilt klart at me har kasta bort mykje av den internasjonale godviljen som fanst, meiner presidenten.

Det har i tillegg vore tørke og matmangel i Sør-Sudan den siste tida, og dei humanitære behova er større enn vanleg.

Utsiktene i Sør-Sudan er dårlege, og optimismen som rådde etter at ein fredsavtale vart signert i august i fjor forsvann fort då krigen ikkje slutta. 2,2 millionar menneske er no internt fordrive, og 4,6 millionar er ikkje garantert tilgang til mat. Det skriv The Guardian.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt