Hopp til innhold

Sa det var avsett plass i helvete for Trudeau – no ber Navarro om orsaking

Det vekte oppsikt då Trump-rådgjevar Peter Navarro etter G7-toppmøtet sa at det er reservert ein eigen plass i helvete for folk som Canadas statsminister Justin Trudeau. No ber han om orsaking.

Peter Navarro, handelsrådgjevar i Det kvite hus.

Peter Navarro ber om orsaking etter å ha sagt at det er avsett ein spesiell plass i helvete for folk som Canadas statsminister Justin Trudeau.

Foto: Jim Watson / AFP

No seier han ifølgje avisa The Wall Street Journal at han har gjort ein feil.

– Eg hadde tenkt å sende eit sterkt signal. Problemet er at eg kom til å bruke eit upassande språk, seier han til avisa.

Justin Trudeau vil ikkje svare på spørsmål frå nyheitsbyrået Reuters om han godtek orsakinga frå Peter Bavarro.

G7-toppmøte i Canada

Justin Trudeau.

Justin Trudeau kom med sterk kritikk av USAs president Donald Trump etter G7-toppmøtet i La Malbaie i Quebec i Canada.

Foto: Lars Hagberg / AFP

Det var under eit intervju med Fox News sist søndag at Peter Navarro kom med tiraden mot Justin Trudeau. Det skjedde etter at Trudeau på ein pressekonferanse etter G7-toppmøtet i Canada, kom med dårleg skjult kritikk av USAs president Donald Trump.

Trudeau sa blant anna at Canada ville setje i verk mottiltak som svar på at USA nyleg innførte ekstra toll på stål og aluminium. Dette vil ramme både Canada og mange andre land. Han gjorde det også klart at Canada ikkje ville late seg herse med av USA.

– Det er avsett ein spesiell plass i helvete for ein kvar leiar som først er i dialog med president Donald Trump, for deretter å prøve å knivstikke han i ryggen på veg ut. Det var akkurat det Justin Trudeau gjorde på pressekonferansen, sa Navarro.

Også ein annan Trump-rådgjevar, Larry Kudlow, kom med knallhard kritikk av Trudeau etter pressekonferansen etter G7-toppmøtet.

Dette bildet får nettet til å koke

Justin Trudeau og Donald Trump under G7-toppmøte i Quebeck.

Canadas statsminister Justin Trudeau (t.h.) og USAs president Donald Trump under G7-toppmøtet i Quebec i Canada sist helg.

Foto: Christinne Muschi / Reuters

– Svak og uærleg

Også president Trump reagerte sterkt på fråsegnene til Justin Trudeau. Han trekte like godt USA si støtte til slutterklæringa frå G7-toppmøtet, og han kalla den kanadiske statsministeren for både svak og uærleg.

I ei Twitter-melding skriv Trump blant anna at tollen på stål og aluminium er eit svar på Canadas 270 prosents toll på alle meieriprodukt. Den amerikanske presidenten kom også med kraftig kritikk av EU .

I dag sa Trump ifølgje den britiske avisa The Guardian at Trudeau nok har lært av feilen han gjorde etter G7-toppmøtet ved å kritisere han, og at det kjem til å bli dyrt for kanadiarane.

– Han har lært. Det kjem til å koste det kanadiske folket dyrt. Han har lært. Ein kan ikkje gjere slikt, sa Donald Trump medan han vifta med peikefingeren.

SISTE NYTT

Siste nytt